Kjepsostølen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 9.236 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 5 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1036
Sesong: Juni - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Frå skulen i Ålvik følg "Haugejordet" oppover til vegen sluttar. Her startar T merka løype til Voss. Denne skal du følge til litt forbi Lilletveitstølen. Ver obs på fleire bratte og potensielt glatte svaparti både mellom Haugejordet og Krossfuru, der dei verste er sikra med tau, og vidare på "Langaskarvet" mellom Krossfuru og LIlletveitstølen.

På same hylla som postkassen til ÅIL fortset du rett fram (til høgre/nord-austleg retning i forhold til T merkinga). Følg denne til du kjem inn på stien som kjem frå Lilletveitstølen. Denne traseen er merka.

Det er noko merking vidare, og stadvis er stien tydeleg. Fyrst går du i ein bratt skrent under "svarta" før du dreier 90 grader og fortset austover. Du skal opp i 800moh før du skal sleppa deg nedatt til stølen som ligg på 650moh.

Samme veg tilbake, eller du kan ta stien ned til Kjepso som bla. medfører to lengre parti i stige. Nærare beskrivelse og gps-spor for denne ruta kjem seinare.

Ver oppmerksom på at det går sauer på beite på heile traseen her, som dei fleste andre stader, og at det er båndtvang i Kvam i denne .

Adkomst

Fv7 til Ålvik. Ta av på Trånavegen og seinare Haugejordet og Skulevegen. Parkering ved skulen.

Stoppesteder

Buss til Ålvik.