Fra Mulen via Skredderdalen til Rundemanen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 6.187 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 477
Sesong: Hele året
Område: Bergen Bergen byfjell sentrale byfjell Bergenhus

Beskrivelse

Dette turforslaget ble opprinnelig publisert i boken "OPPTUR BERGEN». Vi takker Selja Forlag for tillatelsen å kunne legge ut turbeskrivelsen i ut.no. "OPPTUR BERGEN" er en inspirerende turbok med 151 turforslag i Bergen og omegn.

Start: Mulen
Tid: 2 timar
Høgd: 100-568 moh.
Lengd: 7km

Rundemanen er rekna som eitt av Bergens sju fjell. 568 meter høgt byd det på flott utsyn i alle himmelretningar.

Turen tek til i Mulen og går opp Skredderdalen. Dette namnet, og andre tilsvarande, som Skredderdiket og Skomaterdiket, illustrerer godt kor viktige vassdraga var for tidlegare tiders næringsverksemd i Bergen. For mange ulike yrkesgrupper var dei vassdrivne møllene viktige i produksjonsprosessen.

Ved Nedrediket kjem du opp i systemet av grus- og skogsvegar på Fløyfjellet. Følg grusvegen til venstre til Storediket, men ta av skarpt til venstre opp ein bakke og gå nordover mot Storevatnet. Ved sørenden av Storevatnet tek du ut i terrenget over stemmegarden.

Det går bratt oppover lia, og du forlèt snart skogen og kjem ut i opnare terreng. Turen går vidare fram til Krokediket og svingar austover mellom Krokediket og Langediket. Terrenget er etter måten flatt og lettgått. Det siste strekket opp mot Rundemanen går i ei renne der også sttraummastene går.

Rundemanen har i minst hundre år vore viktig i telesamanheng. Masta på toppen av Rundemanen er verna av Riksantikvaren og 106 meter høg. Det går grusveg til masta via Fløyen.

Følg denne grusvegen nedover eit lite stykke forbi Store Tindevatnet. Her tek du til høgre ut att på sti som etter kvart går bratt nedover mot Storediket. Du rundar Storediket i nord og kjem inn på grusvegen nedover mot Skredderdalen og attende til utgangspunktet ved huset til Bergens Vandverk fra 1914.

Linker