Fra Munkebotn til Eidsvåg

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.163 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 131
Sesong: Hele året
Område: Åsane Bergen Bergen byfjell sentrale byfjell Bergenhus

Beskrivelse

Dette turforslaget ble opprinnelig publisert i boken "OPPTUR BERGEN». Vi takker Selja Forlag for tillatelsen å kunne legge ut turbeskrivelsen i ut.no. "OPPTUR BERGEN" er en inspirerende turbok med 151 turforslag i Bergen og omegn.

Start: Munkebotn i Sandviken
Tid: 1 time
Høgd: 50 - 150 - 20 moh.
Lengd: 4,5 km

Dette er ein tur som i si fulle lengd går på asfaltveg, og som slik er eigna i hvert fall for dei med barnevogn. Men tru for all del ikkje at det er ein tur i trafikklarm og eksos. Vegen over Munkebotn er stengd for alminneleg biltrafikk og dess meir nytta av turårar.

Turen vår tek til på bysida, om lag der Fjellveien byrjar i nord. Turen går jamt oppover, forbi Sandviken sykehus. Vegen svinger seg opp fjellsida, og du får snart flott utsyn over byen og Byfjorden, med Askøybrua beint imot i vest. Her er oftast jamn trafikk av både gåande, joggande og syklande. Mange av dei som syklar frå Åsane til jobb i byen, legg turen over Munkebotn, jamvel om det går fortare rundt Eidsvågneset. Det kan vera mykje god sjelebot i det. Å koma over kanten i nord og oppleva at auren vakar i Langavatnet. Det er god kveik å ta med seg inn i arbeidsdagen.

Langsmed ruta er det sett opp benker til å setja seg på og nyta naturen og folke- og dyrelivet frå. Her er også stiar ned til vasskanten, det er lagt til rette for både bading og grilling.

Men før vegen rundt Eidsvågneset kom, var det dette som var hovudvegen til byen frå nord. Også Den tronhjemske postvegen gjekk over Munkebotn. Spora etter den finn du i svingane ned mot Eidsvåg. Slik sett er vegen eit stykke samferdslehistorie. Stabbesteinane som du finn langs kanten i bratte parti, er typiske for den gamle måten å sikra vegen på.

Eidsvåg var det gamle kommunesenteret i Åsane. Til 1972 var Åsane eigen kommune. Sidan har Åsane vore ein del av Bergen.

Adkomst

Betalt parkering ved Sandviken Sjukehus.

Stoppesteder

Sjekk reiseplanleggeren på skyss.no. Holdeplass "Gamle Bergen" ligger rett ved Sandviken sjukehus.

Linker