Til Storebøra frå Brandalssida

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 9.947 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 2 timer 40 minutter
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 517
Sesong: April - Oktober
Område: Sunnmøre

Beskrivelse

Rundturen via Storebøra frå enden av Fjellvegen på nordsida av Børevatnet er ein godt merka, flott tur som er middels hard. Både born og vaksne kan gå turen, sjølv om det er litt bratt på veg frå Børehalsen og opp mot toppen på Storebøra. Frå Storebøra kan ein sjå langt avgarde (visstnok innom sju sokn, Sunnmørsalpane og Kjerringa på Stadlandet). Turen tek rundt 2,5-3,5 timar, alt etter tempo og ynskje om å nyte utsikta. Første del av turen er på ein gamal anleggsvei, som går over til ein sti mot foten av Storebøra. Litt av vegen opp mot Børa er ur, og kan vere litt vanskeleg å gå. Frå Storebøra, ned til Kvanndalsvatnet og tilbake til vegenden er det fin og tydeleg sti som er enkel å følgje. Turen går langsmed tre fiskevatn, så det er også fint å ta med telt og fiskestong på turen.

Adkomst

Med bil køyrer ein frå Sørbrandal, opp Fjellvegen til enden av vegen som ligg på ei demning. Der er det stor parkeringsplass. Fjellvegen har nokolunde god standard for køyring med vanleg bil, og låg bompengeavgift.

Stoppesteder

Om ein vil forlenge turen noko, så kan ein ta buss til Sørbrandal og gå dei 3 kilometra ekstra opp mot vatn. Ganske bratt, men god veg å gå på.

Linker