Nystøl

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 11.654 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 642
Sesong: Juni - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Frå parkeringsplassen på Solhaug, fyl vegen langs røyrgata og opp til Krokavatn. Vidare på sti på austsida av vatnet (velg stien til høgre idet han deler seg under Masta, og ikkje den som går til venstre opp til Masta), over Torsteinsheia, forbi Torsteinvatnet og inn til stølen Aksneshiller. Herifrå fyl du sti mot Finnhiller og sørvest, men fortset under framsida av Varafjell og vidare inn og ned til Nystøl.

Frå nystøl er det fint og kjapt å gå vidare til Koldal, og herifrå kan du også gå ned til Byrkjenes i Strandebarm om du ynskjer ein meir variert tur.

Adkomst

Frå Norheimsund, eit lite stykke mot Tørvikbygd, men ta til høgre opp Tveitevegen etter Kvam Kraftverk. På Tveit vidare til høgre på bomveg opp til Solhaug. Følg skilting mot Krokavatn.