Rubbegarnståna på Hellesøy

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.319 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 161
Sesong: Hele året
Område: Øygarden

Beskrivelse

Dette er ein rundtur lengst nord i Øygarden. Man kan gå tilbake same veg eller følge stien som ein rundtur. Stien er godt merka og tilrettelagt med klopper over dei våtaste partia. Stien på austsida er noko meir kupert og våt enn stien på vestsida. Følg merking og ikkje gå inn i hyttefelt. 

Ved fyret ytst på Rubbegarnståna kan ein sjå Fedje i nord og Eldsjellet i aust. 

Det er fine høve for fiske frå land, men bruk redningsvest sidan det er mykje strøm i sjøen. Håv eller klepp er også et yndet verktøy for å få opp fisken fra svabergene. Typisk fangst her er sei, torsk og lyr – samt makrell i sommerhalvåret dersom du fiskar med sluk eller lignande. Du kan nå relativt djupt vatn – og stedet er også egnet for agnfiske etter arter som lange, flyndrer etc.

Om sommaren er det open restaurant på Hellesøy kai. 

Det er nokre få parkeringsplassar ved stistart. Alternativ parkering er ved Hellesøy Kai, omlag 700 m frå stistart. 

Adkomst

Frå Straume terminal følger ein vegen vidare mot Kolltveittunnellen. I rundkøyringa etter tunnellen tek ein til høgre retning Ågotnes. Følg Fv561 vidare nordover omlag 33 km, retning Tjeldstø. I rundkøyringa på Tjeldstø køyrer ein rett fram og vidare på Alvøyvegen. Hald ram omlag 11km. Når kjem til Hellesundet vert vegen smalare. Køyr retning Hellesøy kai. Ta til høgre retning Sprengeneset. 

Stoppesteder

Sjekk skyss sin ruteplanlegger med busstider til Hellesøy.

Linker