Børnestangen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.538 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 206
Sesong: Hele året
Område: Øygarden

Beskrivelse

Om ein kjem køyrande frå nord, køyr rett forbi gamle Sund skule (Sundvegen 1709) og parker på parkeringsplass på høgre side av vegen. Gå oppover vegen (450 m) til bakketoppen. Kryss hovedvegen og følg Nedre Børnes til stistart. Til saman 1,2 km på asfalt. Vis omsyn når du går over privat oppkøyrsel. God sti vidare, noko vått enkelte stader. Fin badevik like etter stistart og ute ved Tangaspissen. Ved høg vasstand kan det vere utfordrande å gå stien på austsida (til venstre der rundturen startar). Fin utsikt utover Korsfjorden på heile turen. Dyr på beite heile året. Ha respekt for gjerder og lat att grinder. Hund i band.

Sotra Øygarden Turlag har laga Kystpasset som er eit turhefte med turar frå nord til sør i Øygarden. Her finn du mange flotte turopplevingar og løyper for store og små, med ulik vanskegrad. Det er ein fantastisk moglegheit til å bli kjend med nye områder i kommunen. Les meir om Kystpasset under Lenker.

Viktig å vite når du går på tur:

Allemannsretten gir oss mange muligheter, men innebærer også plikt til å ta vare på naturen. Når du ferdes i naturen plikter du å ikke etterlate mer enn ditt eget fotavtrykk. Sporløs ferdsel innebærer å rydde opp, ta med søppel og å opptre varsomt og hensynsfullt når du ferdes i naturen.

Adkomst

Frå Straume terminal køyrer ein vidare gjennom Kolltveittunellen. Frå runkøyringa etter Kolltveittunellen følger ein skilting retning Klokkarvik. Køyr forbi fergekaien og fortsett ca ein halv kilometer. 

Parkering ved gamle Sund skule på høgre side av vegen (nær Klokkarvik barnehage) 

Stoppesteder

Sjekk skyss sin ruteplanlegger for busstider

Linker