Fra Sandviken Sjukehus og Munkebotn til Kvitebjørnen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 20.234 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 1096
Sesong: Hele året
Område: Åsane Bergen Bergen byfjell sentrale byfjell Bergenhus

Beskrivelse

Dette turforslaget ble opprinnelig publisert i boken "OPPTUR BERGEN». Vi takker Selja Forlag for tillatelsen å kunne legge ut turbeskrivelsen i ut.no. "OPPTUR BERGEN" er en inspirerende turbok med 151 turforslag i Bergen og omegn.

Start: Sandviken Sjukehus / Munkebotn
Tid: 2-3 timar
Høgd: 60-527 moh.
Lengd: 7 km

Frå Sandviken Sjukehus følgjer vi asfaltveien oppover mot Munkebotn og videre til Langevatnet. Ut i terrenget går du over bru i nordenden av Langevatnet. Det stig bratt oppover, så bratt at det some stader er lagt ut tau som ein kan hjelpa seg med. Ein plass er det også sett opp ein gammal stige.

Motbakkane gjev snart løn for strev. Litt oppe i høgda får du vakkert utsyn over Eidsvågbukta, Byfjorden og Herdlefjorden.

Vidare framover fjellet går du på ein rygg i småkupert terreng, men det går jamt og trutt oppover. Snart er du framme ved Dræggehytten. Hytta, som ligg vakkert til innunder Kvitebjørnen, blir disponert av Dræggens Buekorps, Bergens eldste buekoprs, stifta i 1856. Hytta er plassert like utanfor det som den gongen var grensa til Bergen kommune, fordi det var lettare å få byggjeløyve i Åsane.

Før vi går ned att mot Sandvikshytten, Ravneberghytten og Munkebotsvatnet, tek vi turen til Kvitebjørnen og ein avstikkar til Lavet. Ikke minst for å få med oss det vakre utsynet, men også for å få med oss korleis fjellet er blitt nytta. Lavet er toppen som ligg like nordvest for Rundemanen. I dette området finst det fleire tufter etter gamle teleinstallasjonar. På vegen fram passerer vi også eit par gamle demningar.

Øvst på Jordalsfjellet ligg dessutan ein varde som vart reist av Dræggegutane til minne om ein av deira ivrigaste støttespelarar, Emanuel Mohn.

Attende ved Dræggehytten tek vi stien mot Sandvikshytten i vestleg retning. Dette er ein spennande trasé som går gjennom eit område med mykje kulturhistorie. Vatnet som drenerte heriftå, vart nytta av Storemøllen ved det som i dag er Gamle Bergen, men også av Eidsvåg fabrikker. Eigarane av Storemøllen let byggja eit sinnrikt system av renner og grøfter for å leia vatnet som naturleg renn nordover til Langevatnet og Eidsvåg, sørover til Munkebotsvatnet. Rennene blei sette opp på eigen grunn. For dei var kvar drope vatn viktig. Dette utløyste fleire rettsaker, rettssaker som Storemøllen vann, hovudsakleg fordi sakene var forelda. Restar av dette systemet med tre- og stålrenner er framleis synlege.

Stien nedover mot Munkebotsvatnet er i god stand, og på dei vanskelegaste passasjane er det laga trapper, dels tre- og dels steintrapper. Mykje av arbeidet er gjort på dugnad av Sandvikguttenes forening, som er gamlekarorganisasjonen til Sandvikens Bataljon. Ved Munkebotsvatnet kjem du attende på vegen over Munkebotn, som i gamle dager var hovudvegen frå Åsane til Bergen. Herifrå går du til utgangspunktet att.

Adkomst

Parkering ved Sandviken sjukehus mot betaling.

Stoppesteder

Sjekk reiseplanleggeren på skyss.no. Holdeplass "Gamle Bergen" ligger nærmest Sandviken Sjukehus.

Linker