Fra Jordal til Svartediket

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 7.313 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 478
Sesong: Hele året
Område: Åsane Bergen Bergen byfjell sentrale byfjell Bergenhus

Beskrivelse

Dette turforslaget ble opprinnelig publisert i boken "OPPTUR BERGEN». Vi takker Selja Forlag for tillatelsen å kunne legge ut turbeskrivelsen i ut.no. "OPPTUR BERGEN" er en inspirerende turbok med 151 turforslag i Bergen og omegn.

Start: Jordal
Tid: 3 timar
Høgd: 20-460-70 moh.
Lengd: 7,5 km

Jordal er ein liten avkrok av Åsane, der mykje av det opphavlege kulturlandskapet framleis blir halde i hevd. Særmerkt ved dei gamle bygningane i Jordalen er det at steingavlane ligg mot søraust, ikkje mot sørvest, som vanleg er for å gje vern mot ruskevêret. Dette har samanheng med naturformasjonane i området. I Jordalen bidreg dei til at nedbørsvinden kjem frå søraust. Ofte er vinden i Jordalen uvanleg sterk.

Jordalen er dalen som går austover i landskapet frå Eidsvåg. Hit kjem ein seg berre i bil eller til fots. Turen går over innmarksbeite, forbi steingardar, utløer og slåtteteigar, før ein tek fatt på stigningane opp Jordalsskaret. Det går bratt oppover, så ein kjem seg raskt til fjells. Utsynet bakover blir finare og finare til høgare ein kjem.

Øvst i skaret møter du stien som går mellom Rundemanen og Vikinghytten. Ta til høgre i stidelet og følg stien fram til Tarlebøveien, som kjem opp frå Våkendalen og held fram opp til Rundemanen. Frå Hyttelien går turen beint nedover, forbi Tarlebøvatnet og ned i Våkendalen, der det heilt fram mot midten av det førre hundreåret var gardsdrift. På det meste var det minst tolv bruk i Våkendalen.

Turen endar ved stemmegarden lengst vest i Svartediket. Her heiter det Lappen.

Adkomst

Med bil til Eidsvåg, så følger man Jordalsveien innover forbi Jordalsvatnet og Indrevatnet til Jordal.

Stoppesteder

Sjekk reiseplanleggeren på skyss.no. Buss 31 går til Jordal Snuplass. På returen fra Svartediket går det buss fra Årstadveien rundt 5min gange fra bommen ved Svartediket.

Linker