Kvamsdalen - Hjortland: Bakvegen til Byfjellene

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 9.797 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 465
Sesong: Hele året
Område: Arna Åsane Bergen Bergen byfjell sentrale byfjell

Beskrivelse

Dette turforslaget ble opprinnelig publisert i boken "OPPTUR BERGEN». Vi takker Selja Forlag for tillatelsen å kunne legge ut turbeskrivelsen i ut.no. "OPPTUR BERGEN" er en inspirerende turbok med 151 turforslag i Bergen og omegn.

Start: Kvamsdalen
Tid: 3 timar
Høgd: 18-642-140 moh.
Lengd: 8 km

Kvamsdalen er ein gøymd idyll på baksida av Byfjellene i Bergen. Herifrå går det fine turruter til fjells.

Vår tur tek til ved Bjørtveite. Her er det sett opp stor informasjonsskilt om stiane i Byfjellene. Til Bjørtveite kjem du om du tek av frå E16 ved Gaupåsvatnet og køyrer mot Haugland og Rødland. Kjem du frå sør, tek du av ved Lone og køyrer forbi Borge og Rødland.

På Bjørtveite stig du beint ut i stien frå køyrevegen. Turen tek til nesten 200 meter over havet, så dette er på mange vis ein snarveg til fjells. Det går lett og fint oppover, gjennom beitemark, bjørkeskog og litt planteskog. Brått er du over skogbeltet og får storfelt utsyn over Arnadalen, Sørfjorden og den sørlege delen av Osterøy.

Snart er du framme ved Norhytta. Her er de ope og sal av forfriskningar kvar søndag utenom skuleferien mellom klokka 11 og 14. Norhytta vart bygd i 1911. (Sjekk aktuell informasjon, lenke til hytta på høyre side)

Frå Norhytta drygt 500 meter over havet går turen vidare opp og over dalen. Du passerer under ei høgspentmast, og herifrå kan stien vera litt utydeleg, men han går om lag 90 grader oppover frå kraftgata. På Grønetura finn du varderekkja nordvestover til Vikinghytten.

Herifrå finst det fleire alternative vegar, men vår tur går ned til Hjortland. Nedgangen finn du om du held til høgre nordvest for Vikinghytten og Arnahytten. Sist delen går på god skogsveg.

Adkomst

Til Bjørtveite kjem du om du tek av frå E16 ved Gaupåsvatnet og køyrer mot Haugland og Rødland. Kjem du frå sør, tek du av ved Lone og køyrer forbi Borge og Rødland.

Stoppesteder

Sjekk reiseplanleggeren på skyss.no. Buss til Øvre Mjeldheim (ca, 1,6 km fra stistart), Buss fra Li (Bergen) ca. 1,5 km fra stislutt.

Linker