Stutto rundt

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.981 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 233
Sesong: Mars - Desember
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Denne turbeskrivelsen er hentet fra heftet og tur nr 4 i "Høyr fjella lokka".

På Stanghelle Vest er det eit flott turområdet prega av eventyrleg furuskog og lyngplanter. Stiane er
lette å gå og godt merka. Her har Stanghelle IL gjort et flott arbeid for å gje bygdefolket eit godt turtilbod. Denne beskrivelsen starter ved Åslia og ender ved Helle.

Kjem du med tog til Stanghelle, går du over brua og opp til enden av byggefeltet i Åslia. Kjem du
med bil, kan du køyre opp til grusbana og parkere der. Du finn starten på stien mellom husa, og
kjem raskt opp på Åsen der du har flott utsyn over Stanghelle. Følg stien vidare nordover ein liten
kilometer, så er du på Stutto. Her kan du velje å gå ned til Helle og ta vegen tilbake til Stanghelle.

Alternativt kan du kan gå inn Laupedalen og finne stien ut under Smørstakken der du får eit fantastisk
panorama ut Veafjorden. Vidare går det sti til fjordspennet over Follavika og ut til fyret på
Tettaneset. Frå fyret er det mogeleg å gå opp att til Åsen, eller følgje stien bort til Agnavika. Heile
runden tar mellom 2 og 3 timar.

Du kan rekne deg 2 timar på turen opp, og rundt 1 time ned att samme vegen. Ynskjer du ein litt lenger
tur, kan du fortsetja vidare opp til Hestafjellet og gå den merka stien ned til Dalegarden.

Adkomst

Parkering ved ballbana midt i byggefeltet.

Stoppesteder

Sjekk skyss sin ruteplanleggar for buss- og togtider til Stanghelle.

Linker