Skålevik - Ørnafjellet - Lyderhorn

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 6.767 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 482
Sesong: Hele året
Område: Bergen Bergen byfjell vest Laksevåg

Beskrivelse

Dette turforslaget ble opprinnelig publisert i boken "OPPTUR BERGEN». Vi takker Selja Forlag for tillatelsen å kunne legge ut turbeskrivelsen i ut.no. "OPPTUR BERGEN" er en inspirerende turbok med 151 turforslag i Bergen og omegn.

Start: Parkeringsplassen ved Esso sitt anlegg i Skålevik
Tid: 3 timar
Høgd: 20-329-396 moh.
Lengd: 7,5 km

Lyderhorns flanke

Turen frå Skålevik til Lyderhorn er svært populær. På fine dagar kan det gå ein jamn straum med folk oppover, men dei færraste går den ekstra runden om Ørnafjellet.

Ørnafjellet er eit særprega lite fjell og eit framifrå utsynspunkt. Bergen og Byfjorden tek seg flott ut herifrå.

Turen tek til ved parkeringsplassen smo ligg ved enden av vegen i Skålevik. Stien oppover er brei og velbrukt, og pulsen stig fort i motbakken. Høgdemetrane er likevel godt fordelte, ettersom hovudstien svingar seg fint opp den skogkledde lia.

Oppe i det flatare partiet, på sørsida av Skålevikvatna, møter du stien som kjem opp frå Gravdal og Nutec. På den går 7-fjellsturen. Du skal litt attende mot vatnet, der du finn ein sti som går ut til høgre. Dette er stien mot Ørnafjellet, ikke fullt så mykje brukt som hovudstien, men tydeleg nok.

Ørnafjellet er ein naken bergrabb som stikk opp frå den austre delen av ryggen opp mot Lyderhorn. Du kjem lettast til topps om du følgjer stien på vestsida av høgddedraget, før du kliv dei siste metrane frå nord.

Vidare mot toppen av Lyderhorn følgjer du same stien i sørleg retning, over myra og inn på fastare terreng. Det aller meste av denne turen går forresten på bergn og fjell, og særleg dei siste kneikane opp mot toppunktet går over hardt norsk grunnfjell. Frå toppen er det framifrå utsyn over by og bydelar, fjord, fjell, hav og øyer.

Frå toppen av Lyderhorn følgjer du hovudstien ned att i nordleg retning. Litt sør for Skålevikvatna held du til venstre og finn att stien du kom opp på frå Skålevik.

Adkomst

Kjør til parkeringsplassen ved Esso sitt anlegg i Skålevik

Stoppesteder

Sjekk reiseplanleggeren på skyss.no. Buss til Skålevik snuplass.

Linker