Vågedalen - Holefjellet, ein nærtur på Laksevåg

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.368 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 250
Sesong: Hele året
Område: Bergen Bergen byfjell vest Laksevåg

Beskrivelse

Dette turforslaget ble opprinnelig publisert i boken "OPPTUR BERGEN». Vi takker Selja Forlag for tillatelsen å kunne legge ut turbeskrivelsen i ut.no. "OPPTUR BERGEN" er en inspirerende turbok med 151 turforslag i Bergen og omegn.

Start: Vågedalen på Laksevåg
Tid: 2 timar
Høgd: 20-300 moh.
Lengd: 5 km

Bynære idyllar

Vågedalen kjem eit stykke nede på lista over fornemme bergensadresser, nordvend og undersolt som plassen ligg. Men nærleiken til naturen har dei i Vågedalen, og den veit dei å setja pris på.

Stien som tek deg ut i naturen, finn du på austsida av den øvste bustadblokka i Vågedalen. Her kjem ein liten bekk klukkande ned frå fjellet, og den er med og gjev liv til turen oppover det fine dalføret. Turen sivngar seg i starten roleg oppover på ein fint murt gardsveg. Eit spor frå den gongen det var gardsdrift som prega dette området, ikkje industri, handel og bustader slik som i dag. På vegen passerer du ein gapahuk.

Men snart er det naturen som overtek. Du går gjennom ei tradisjonell blanding av lauv- og fureskog, som ber mange spor etter både gamle og litt ferskare stormar. Til høgare du kjem, til skrinnare blir vegetasjonen, men heilt over skogbeltet kjem du ikkje på denne turen.

Ved vasskiljet på toppen kjem du til eit stikryss. Her skal du til høgre, mot vest. Du kliv ein bratt kant og kjem opp på eit høgdedrag der spreidde furer vekslar med nakne sva. Du er no i 7-fjellstraseen, berre du går i motset retning av 7-fjellstravarane. Til venstre, ned frå høgdedraget, held 7-fjellstraseen fram. Du skal halde på høgda og svinga til høgre ut på Holefjellet. Her går du på god sti med flott utsyn mot Byfjorden nedover mot Håstein og Holen. Vel nede ved vegen er det berre ein kort spasertur attende til utgangspunktet.

Adkomst

Parkering langs veien oppover til Vågedalen.

Stoppesteder

Sjekk reiseplanleggeren på skyss.no. Holdeplass Laksevåg senter ligger nærmest Vågedalen, holde plass Holen ved turens slutt.

Linker