Storetrævarden frå Flugekvam

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.316 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 463
Sesong: April - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Turområdet, som ligg på vestvendt rygg, vert veldig tidleg snøfritt om våren. Turen er som ein "støylstur" i lengde. Generelt ganske bratt terreng, der du må klyve nokre få stader. Det heng tau på eit par punkt. Noko tett skog og kratt i starten. Det er flott utsikt ovanfor skoggrensa. Ved varden ser du utover store delar av Vassenden og grendene rundt. 

Turen opp til Soretrævarden er perfekt trimrute for dei som vil trimme i bratt skogsterreng. Spreke ungar og ungdom, som vil ha ei kvardagsutfordring i bratt terreng, bør ta turen her! (NB: Tid på 1 t og 30 min er lagt inn som t/r)

Det er mogeleg å gå vidare frå Storetrævarden til Gravsfjellet. Dette det ca 20 minuttar opp. Om du ønsker å forlenge turen enno eit stykke, kan du frå Gravsfjellet gå vidare til toppen av Tindefjellet. 

AC Kapstad for IST

Adkomst

E39 ved Jølstraholmen. Køyr mot øvste gardane over Hjellbrekkefeltet. Du må køyre på skogsveg opp mot Flugedalen siste stykket. Bonden som eig skogsvegen plar setje opp tydeleg merking av kvar du kan parkere mot betaling (Vipps). Pass på å parkere der bonden har merka av for dette, og set frå deg bilen slik at du ikkje er til hinder for gard- og skogsdrift. Dette er eit mykje brukt turmål, og det kan bli mange parkerte bilar. Pass derfor på å parker slik at det vert plass til andre som og vil ut på tur.

Linker