Skipshelleren

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 0.322 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 20 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 30
Sesong: Hele året
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Denne turbeskrivelsen er hentet fra heftet "Høyr fjella lokka".

Stien ned til Skipshelleren går frå sørsida av brua som går over til Straume. Den er lett og fylgje, og det tek deg snaue kvarteret til du er framme.

Og ja, det er ein heilt spesiell stemning på den gamle steinalderbustaden ved fjorden. Lar du berre stilla synka litt inn, kjem tankane kring alt det som eingong har gått føre seg her. Dei eldste funna på den gamle fangstplassen skriv seg 7000 år tilbake i tid.

Sjølve hellaren er imponerande i seg sjølv, 30 meter høg og med eit dropefall på 15. Nede ved fjorden er det satt opp eit grindbygg og laga til med toalett, gruer og benkar. Her er det fint å setja seg nedpå og la tankane flyge, medan borna kan sleppa seg laus i leiken.

Skipshelleren på Straume var fangstbuplass frå forhistorisk tid, utgravingar har avdekka eit opp til 1,70 meter tjukt lag med rester etter bosettning under helleren. Dei siste spora er frå steinalderen, med betydelege mengder redskaper og rester etter dyreknokler. Det rike fiske- og dyrelivet i fjorden, saman med plante og dyrelivet på land er den viktigste forklaringa på at folk valgte å busette seg under hellaren.

Adkomst

Parkering ved stistart etter brua.

Stoppesteder

Sjekk skyss sin ruteplanlegger.

Linker