Leiro ved Eidslandet

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.721 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 293
Sesong: Mars - Desember
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Denne turbeskrivelsen er hentet fra heftet og tur nr 15 i "Høyr fjella lokka".

Den fråflytta og veglause garden Leiro ligg i ein fjellbotn 323 meter over Eidsland. Her kan du oppleva eit spanande møte med farne tider, utemma fossar og ville stryk. Fin fisk i vatnet er det og, så hugs fiskestong og fiskekort. Garden vart busett midt på 1600-talet, og den fyrste brukaren skal ha vore Olav frå Myster. Her vart det dyrka både poteter og havre, sjølv om det var mange år at kornet ikkje rakk å modnast. 

I kjeldene kan ein og lesa at det både var hest, kyr, geit, sau og gris på bruket. Garden vart fråflytta i 1948, men husa er i dag godt ivaretekne og i god stand. Og så er det berre å ta på seg sekken og labba i veg, fyrst gjennom garden Myster, til du kjem inn på sjølve stien opp til Leiro. Den er god å fylgje, der den slynger seg gjennom skogen og oppover i terrenget. Etter ein dryg time er du oppe ved det idylliske tunet på nordsida av Leirovatnet. Då har du gått 2,5 km.

Adkomst

Parkering ved Eidslandet grendahus, her er det gode parkeringstilhøve

Stoppesteder

Sjekk skyss sin ruteplanlegger for busstider til Eidslandet.

Linker