Almarunden

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.25 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 144
Sesong: Hele året
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Denne turbeskrivelsen er hentet fra heftet og tur nr 17 i "Høyr fjella lokka". Almarunden er ei fin lita kulturvandring i Almane på Bergo. Turen er godt merka, og undervegs finn du fleire opplysningstavler som fortel deg soga om livet på og ikring Almane. Det handlar om utmarksslått, korndyrking og kverning, ferdslevegar, danseplassar og giftarmål.

Turen startar ved den turkisblå grinda innanfor garden Bergo. Først går stien bratt opp Bakkavegen til Kleiva, men det går fort å ta seg opp. Der ligg vatnet Almatjødna og speglar dei mjuke bøane ikring. Vil du ta heile runden langs vatnet er det lettast å starta til venstre, forbi det vesle naustet og over ei myr, til Kolaplassen og vidare langs Brynhildastien og forbi Banamannen. Rett før Nyborgsløa går stien litt oppover og held fram rundt vatnet før den svingar opp mot Kultatoppen. Set deg ned og nyt utsikta før du fortset på stien og ned til Almane igjen.

Når du kjem ned ligg det ein flott Gapahuk og ventar på deg. Her er det grue for matlaging, pluss utedo for trengjande. Og alt er tilgjengeleg for alle.

Inntegningen på kartet er ikke et GPS-spor, men kun ment som hjelpemiddel og må ikke erstatte papirkart og kompass når du skal på tur.

Adkomst

Parkering ved stistart.

Stoppesteder

Sjekk skyss sin ruteplanlegger med busstider til Eksingedalen

Linker