Toskedalen - Høgafjellet

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 18.599 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 7 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 981
Sesong: Mai - Desember
Område: Osterøy

Beskrivelse

Denne turbeskrivelsen er hentet fra heftet "Høyr fjella lokka".

Kjensla av å vera sterkt og til stades i livet.

No skal du til høgreiste, vakre Osterøy. Ein litt annan veg kanskje, men likefullt ein av dei mest
storslåtte. Køyr forbi Stamnes, over Kallestad bru og vidare på vegen mot Toskedalen. Bilen kan du
setje frå deg på tømmervelteplassen ved Vassbotn og starta turen derifrå, forbi gardane på
skogsvegen mot Bukksteinsvatnet. Der skogsvegen endar, går du over gangbrua og tek inn på stien
vidare på vestsida av vatnet mot Strupedalen. Følg rinda på sørsida i retning Vardaleitet. Her er det
ingen merka sti, men den er godt synleg i terrenget. Ta aust for Stemmetjørni, over kanten langs
etter Veafjorden og nyt utsikten. Vidare kan du gå både vestsida og austsida til Stemmetjørna.

Terrenget er kupert og småvatna ligg som perler på ei snor oppover. Fortset vidare sørover til du
er mellom Svartatjørn og Rundetjørn. Då ser du den siste stigningen opp mot Høgafjell(868 moh).

Utsikten frå toppen er magisk, frå høgfjella innafor til langt ut i havgapet.

På tilbaketuren følgjer du same vegen ein liten kilometer før du tek inn på stien rett sør-vest for
Ljosavatnet. Ovanfor Høgheimshytta er det ei trang passering i ei to. Toa fører fram på fjellryggen
mot nedstigninga til Fjellbotsvatnet og demningen der. Då har du to valti enten ta turen vidare om
Moen og følgja gardsvegen/stien opp til Toskedalen, eller du tek ned Strupedalen mot Bukksteinsvatn og inn på den vegen du kom opp. Turen tek 6-8 timer, alt etter val av rute.

Husk at kartinntegningen ikke er et GPS-spor og tjenesten er kun ment som hjelpemiddel når du planlegger eller gjennomfører turen. All ferdsel i naturen skjer på eget ansvar.

Adkomst

Parkering på tømmervelteplassen ved Vassbotn mot Toskedalen.

Stoppesteder

Ikke mulighet for kollektiv transport til startsted.

Linker