Vårfjellet og Kjelsnesstøylen frå Gjesdalen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.232 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 400
Sesong: Mai - Oktober
Område: Breheimen med jostedalsbreen

Beskrivelse

Dette er ei fin kortrunde som gir flott utsikt over Vassenden og Jølstravatnet. 

Start av tur går på gjenngrodd skogsveg. Vidare på sti i noko tett skog før du kjem til myrlendt flatt terreng. Etter dette byrjar bratt oppstiging i gamalt beitelandskap på sti. Flott utsikt mot Vassenden i vest under oppstiginga. Etter skoggrensa går du i lett terreng på sti opp til Vårfjellet, der du får god utsikt over Gjesdalen, Jølster Skisenter, Vassenden, Tindefjellet og Jølstravatnet.

Du kan velge å gå same veg ned att. Eller du kan gå rundttur utanfor sti i austleg retning eit kort stykke, for du så vender ned mot Kjelsnesstøylen. Frå støylen går du mot vest i myrlendt småkupert terreng fram til du treff på att stien du gikk opp. Denne følgjer du ned att. Runddturen tek omlag 1,5 til 2 timar, og er ein del brukt som ettermiddagstrim for lokale på Vassenden. Du kan skrive deg inn i boka som ligg i ein boks under den store steinen på toppen. 

AC Kapstad for IST 

Adkomst

Ta av E39 på Vassenden og køyr til øvste gardane i Gjesdalen. Køyr skogsveg opp Gjesdalsdalen. Bom kostar 50 kr (Vipps). Parker på flatene ganske kort tid detter at du har køyrt opp dei fleste høgdene.