Til Gravdalsfjellet og Viggohytten fra Nordnæsdalen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.653 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 236
Sesong: Hele året
Område: Bergen Bergen byfjell vest Fyllingsdalen Laksevåg

Beskrivelse

Dette turforslaget ble opprinnelig publisert i boken "OPPTUR BERGEN». Vi takker Selja Forlag for tillatelsen å kunne legge ut turbeskrivelsen i ut.no. "OPPTUR BERGEN" er en inspirerende turbok med 151 turforslag i Bergen og omegn.

Start: Nordnæsdalen
Tid: 2 timar
Høgd: 200-351 moh.
Lengd: 5 km

Eit stykke buekorpshistorie

Nordnæsdalen langt ute på det som ein gong var det bergenske bondelandet? Malplasert for den som har eit romantisk forhold til neset som strekkjer seg utover på vestsida av Vågen i hjartet av byen. Ikkje fullt så malplassert for den som har eit sentimentalt forhold til Nordæs Bataillon. For Nordnæsdalen er nemlig eigd av buekoprset frå nettopp denne bergenske bydelen. Det var Kristian Bing og Christian Sundt som ved bataljonens 60-årsjubileum i 1918 sytte for å skøyta eigendomen over til buekoprset som ei gåve. Det opphavlege namnet på dalen er Espedalen.

Til Nordnæsdalen kjem du deg om du følgjer Jonstadveien som svingar seg oppover frå Øvre Fyllingsvei øvst i Fyllingsdalen, på vestsida av tunnelinnslaget til Løvstakktunnelen. Ved enden av vegen finn du parkeringsplass. Turen går forbi Nyehytten på oppsida av fotballbana og ut i terrenget her. Du svingar snart frå vest mot sør og går forbi Laksevåghytten, ei av seks hytter i området. Følg skiltinga mot Viggohytten.

Stien svingar seg rundt foten av Gravdalsfjellet og fram mot Viggohytten, som ligg luftig plassert over Nipetjørna. Her er det servering på søndager frå kl. 10 til 14. Hytten kan også leigast, det er Viggohyttens Venner som står for drifta.

Frå Viggohytten går stien videre oppover. Berre i området rundt toppen av Gravdalsfjelelt er det skrint med skog. Elles er så godt som heile fjellområdet mellom Lyderhorn og Løvstakken skogkledd. Det er ikkje så lett å tenkja seg at dette ein gang var ein del av lyngheilandskapet som strekte seg frå Lofoten til Portugal, men det var nettopp det Laksevåg var. Her blei det drive tradisjonelt kystlandbruk, med mellom anna lyngsviing, like fram til midt i det førre hundreåret. Beitepresset var stort, og skog var knapt å sjå. Det er annleis i dag.

Frå Viggohytten følgjer du skiltinga mot Damsgårdsfjellet. Du held fram over Gravdalsfjellet og Nygårdsnipa, før du krysser myra fram mot Holefjellet, hovudsakeleg på klopper. Vidare over Holefjellet og fram til Vardadalen på vestida av Damsgårdsfjellet.

I Vardadalen ved stikryss bryt du mot høgre og tek nedover Nordnæsdalen i sørleg retning attende til utgangspunktet.

Adkomst

NB! Ta hensyn til at det ikke er parkering ved privat grunn.

Stoppesteder

Sjekk reiseplanleggeren på skyss.no. Holdeplass "Løvstakktunnel", derifra til fots til stistart.

Linker