Rundtur fra Langegården

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 6.209 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 350
Sesong: Hele året
Område: Årstad Bergen Bergen byfjell vest Fana Fjøsanger landskapsvernområde Fjøsanger naturminne Fyllingsdalen

Beskrivelse

Dette turforslaget ble opprinnelig publisert i boken "OPPTUR BERGEN». Vi takker Selja Forlag for tillatelsen å kunne legge ut turbeskrivelsen i ut.no. "OPPTUR BERGEN" er en inspirerende turbok med 151 turforslag i Bergen og omegn.

Start: Ved Krambua
Tid: 2-3 timar
Høgd: 20-320 moh.
Lengd: 6,5 km

Gardsdrift midt i byen

Området rundt Langegården på Fjøsanger er mellom dei rikaste turområda i Bergen kommune. De er eit område som er flittig brukt. Langegården er eit naturleg trekkplaster med alt livet og aktiviteten som utspelar seg der. Det er trolig den eldste garden ved Nordåsvatnet. Garden kan vera frå førkristen tid, men er nemnd i skriftlege kjelder første gong i 1563.

Vår tur i dette området tek til nettopp ved Langegården. Vi følgjer grusvegen forbi tundet og svingar oss etter kvart inn på Løvstien og følgjer den til litt forbi rastebua Olavsbu. Her tek vi til venstre opp lia og går etter måten bratt oppover ei skogkledd slukt. Det renn ein bekk i botnen av slukta.

Der dei bratte stigningane opp mot toppen av Løvstakken byrjar, svingar du skarpt sørover att og følgjer ryggen. Hald fram i sørleg rening forbi kraftlina og vidare nedover. Du får etter kvart Langetjernet på høgre hånd, ein stille idyll. Herifrå har du fint utsyn til toppen av Løvstakken.

Frå Langetjernet går det brattare nedover liene til du møter grusvegen att lengst nede. Ta gjerne heile runden på grusvegen, slik at du får med deg landskapsvernområdet og naturminneområdet som ligg mellom turvegen og Straumevegen.

Adkomst

Til Krambua ved Fjøsanger.

Stoppesteder

Sjekk reiseplanleggeren på skyss.no. Holdeplass Fjøsangerkrysset eller Langegården.

Linker