Lonevatn - Åsebøåsen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.655 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 125
Sesong: Hele året
Område: Askøy

Beskrivelse

Dette turforslaget ble opprinnelig publisert i boken "OPPTUR BERGEN». Vi takker Selja Forlag for tillatelsen å kunne legge ut turbeskrivelsen i ut.no. "OPPTUR BERGEN" er en inspirerende turbok med 151 turforslag i Bergen og omegn.

Krater etter alliert bombe

Start: Ved austenden av Lonevatnet (Langevatn)
Tid: 1,5 timar t/r
Høgd: 48-170 moh.
Lengd: 3,5km

Turen til Åsebøåsen er korkje lang eller anstrengande. Litt kronglete kan det vera for den som er ukjend i området, å finna fram til og velja rett skogsveg, for her er det mange, og ikkje alle går til toppen. Men toppen ligg der, og sjølv om han er skogkledd, presenterer han seg på ein måte som gjer at han på sett o vis ikkje er til å unnga.

Turen tek til ved Lonevatnet (Langevatn). Parkering finn du på austsida av rv. 562, vis-à-vis skogsvegen du legg ut på. Ved vatnet her ligg det også eit gammalt, ope naust.

Følg skogsvegen som går langs nordsida av Lonevatnet (Langevatn). Ved ei vik like etter ein kvilebenk tek du til høgre oppover i skråningane. Vidare fram mot toppen går du først beint mot nord, sidan like beint mot vest.

Frå kanten av Åsebøåsen er det flott utsyn mot vest og nord. Her er det sett opp kvilebenker, og like ved står det eit stort informasjonsskilt. Det fortel med stor detaljrikdom om ei krigshistorisk hending i dette området.

Hendinga skriv seg frå 12. januar 1945 og handlar om eit alliert bombeåtak på det tyskokkuperte Bergen. 32 Lancaster bombefly deltok i åtaket. Kvart fly hadde ei bombe om bord. Den vog 5450 kilo. Dei engelske bombeflya vart møtte av rundt ti tyske jagarfly, i tillegg til luftvernskyts. Eit av bombeflya, med kodenamn Mike, tok fleire treffarar frå eit av dei tyske jagarflya. Ein av dei to motorane kutta, og den venstre haleflata vart delvis avskoten, noko som førte til at rattet låste seg. For å kunna manøvrera letare, bestemte flygaren Tony C. Iveson at bomba måtte sleppast. Dette skjedde over Askøy. Bomba trefte like nedanfor kanten av Åsebøåsen og eksploderte. Eit stort krater vart resultatet og kan sjåast like framom kanten.

Adkomst

Parkering i austenden av Lonevatnet (Lonevatnet). Parkering finn du på austsida av rv. 562, vis-à-vis skogsvegen du legg ut på.

Stoppesteder

Sjekk reiseplanleggeren på skyss.no

Linker