Kort tur til Kjerrgardstårnet

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.376 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 66
Sesong: Hele året
Område: Askøy

Beskrivelse

Dette turforslaget ble opprinnelig publisert i boken "OPPTUR BERGEN». Vi takker Selja Forlag for tillatelsen å kunne legge ut turbeskrivelsen i ut.no. "OPPTUR BERGEN" er en inspirerende turbok med 151 turforslag i Bergen og omegn.

Eksotisk midt i skogen

Start: ved parkeringsplass 1 km nord for Åsbø
Tid: 1 time t/r
Høgd: 60 - 120 moh.
Lengd: 2,5 km t/r

Som eit skogvaktartårn frå dei store skogane i framande land, ligg Kjerrgardstårnet sånn om lag midt mellom Herdlefjorden i aust og Kjerrgardsosen i vest. Frå toppen har du eit fabelaktig utsyn, og eit høve til verkeleg å ta inn over deg det askøyske landskapet ikkje minst får du eit tydeleg inntrykk av kor mykje av Askøy som faktisk er skog. Og sjølvsagt går turen innover mot tårnet på skogsveg, som Askøy òg har eit monaleg innslag av. Vegen denne turen går på, går ut gjennom eit lite plantefelt på høgre sida av rv. 562 rundt ein kilometer vidare mot Herdla frå Åsebø. her ligg også ein anleggsplass som det er råd å parkera på.

Skogsvegen går beint ut over eit hogstfelt og inn i skogen på hi sida. Han svingar seg fram gjennom triveleg fureskog i litt varierande retningar. Tårnet ligg på Kjerrgardsåsen, 120 meter over havet. Det er det høgaste punktet i området og etter måten lett å orientera seg mot.

Kjerrgardstårnet er eit flott turmål, ikkje minst for barnefamilier. Tårnet representerer noko spennande og eksotisk og er avgjort noko som kan brukast til å lokka barn med ut på tur. Har dei først vore der éin gong, vil dei utan tvil attende.

Adkomst

Parkering på anleggsplass 1 km nord for Åsbø mot Herdla.

Stoppesteder

Sjekk reiseplanleggeren på skyss.no

Linker