Solbjørg - Brunane

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 11.601 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 378
Sesong: April - Desember
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Denne turbeskrivelsen er hentet fra heftet og tur nr 8 i "Høyr fjella lokka".

Kultur og natur i ei fjellbygd:

Midt mellom gardane Lid og Berge i Bergsdalen, finn du den fråflytta garden Solbjørg. Ein del av husa står framleis, og fleire blir brukt til fritidsbustadar. Du finn òg restar av gamle murar som vitnar om gamal byggeskikk. Den gamle ferdslevegen mellom gardane i dalen gjekk og innom Solbjørg, og denne kan ein følgje både til Lid og Berge.

Frå Bergsdalsvegen går det ein traktorveg opp til Solbjørg. Ved starten av denne er det høve til å parkere bilen. Ved dei øvste husa, går det sti vidare i austleg retning. Etter godt og vel ein halv kilometer kjem du til eit stidele der du kan gå ned til Berge, eller følgje stien vidare oppover Bergskaret til du kjem til ein fin, liten foss i Børkjebotnen. Her svingar du rett vest og fortset oppover lia til Brunane. Vel oppe har du eit flott utsyn nedover mot Lid og Brekke og oppover mot Bergsvatnet og Hatlestad. Turen frå bilvegen og opp på Brunane tek omlag ein time.

Følgjer du stien oppover Bergskaret vidare nordover, kjem du etter eit par kilometer til Bolstadstølen. Herifrå kan du gå heilt ned til Bolstad.

Tog og retur til Bergen.

Adkomst

Parkering ved stistart.

Stoppesteder

Sjekk skyss sin ruteplanlegger for busstider til Berge. (rute 910). Retur med tog fra Bolstad.

Linker