Moastølen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.287 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 124
Sesong: Mai - Desember
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Denne turbeskrivelsen er hentet fra heftet og tur nr 10 i "Høyr fjella lokka" - 19 turar i Vaksdal.

Eit eventyrrike for både småfolk og vaksne.

Frå garden Småbrekke oppe i Bergsdalen går det ein veg rundt det vakre Småbrekkevatnet og vidare
inn over fjellet. Militærvegen vert han kalla, bygd i åra 1926-29 for at det militære skulle kunne
køyre med hest og vogn over til Samnanger. På tuftene rundt nede ved vatnet står det ein stor,
flott trelavvo og ein gamal flor. Det er her Vaksdal kommune brukar å samle born og unge til
villmarksleir sommarstid.

Militærvegen buktar seg oppover lia og er fin å gå på. Etter ein liten halvtime er du oppe ved den
idylliske gamle stølen. Her er det fint å slå seg til, kanskje telta over for eit par dagar. Det er
tilrettelagt med bord og benkjer, både ved stølen og nede ved vatnet. Ja, til og med ein flott
innretta utedo finn du oppe i krattskogen. Stølshuset vart satt opp i 1885, i ei tid då sjølvaste
bamsefar gjekk og luska ute på stølsvollane. I dag er det eit lite eventyrrike, for born såvel som for
vaksne. Det er godt med fisk i vatnet, og i Trollskogen like bortanfor kan du klatra eller gøyme deg
vekk mellom dei krokete bjørkene som er på god veg til å bli 300 år gamle. Og bakanfor kløyver
Moagjelet fjellet i to. Det er her huldra bur.

Vegen vidare går opp gjennom vakre fjellparti, krinsa av lune småvatn like til Gullhorgabu. Derifrå går stiane på kryss og tvers, til Høgabu eller Vending, og så vidare og vidare.

Adkomst

Bil på E16 til Dale eller Bulken, rv 314 opp Bergsdalen til Småbrekke. Parkering ved stistart.

Stoppesteder

Sjekk skyss sin ruteplanlegger med busstider til Småbrekke (buss 910).

Linker