Storanipa og Straumsstølen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 6.658 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 609
Sesong: April - Desember
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Denne turbeskrivelsen er hentet fra heftet og tur nr 12 i "Høyr fjella lokka" - 19 turar i Vaksdal.

Storslått panorama og stølsidyll.

Første del av turen går på skogsveg frå Straume. Parkering ved starten av skogsvegen like etter ein har svingt til høgre etter brua på Straume. Fyrste del av turen er noko bratt, og den mest krevjande delen av turen. Etter vel ein halv kilometer og 150 høgdemeter er ein på Kleiva, og her tar ein av på sti opp mot Storanipa. Stien er godt synleg og merka heile vegen. Frå Kleiva må ein rekne mellom ein halv og ein time opp på toppen som ligg 414 moh og gjev storslått utsyn mot Stamnes, Øyane og Hesjedalen.

Til Straumsstølen følgjer ein skogsvegen vidare frå Kleiva ned mot Slåttøyane og Nesatræet. Her kan ein gjerne stoppe for å bade eller fiske i elva. Turen mot Straumsstølen fortset i slakk oppoverbakke på skogsveg, før fin sti siste kilometer. Det er godt lagt til rette med bruer over elvar og bekkar. Heile turen frå Straume til Straumsstølen er på knappe 4 kilometer, og ein bør rekne om lag 1,5 time ein veg. Turen passar godt for barnefamiliar.

Adkomst

Etter broa ved Straume, ved starten av skogsvegen er det parkering.

Stoppesteder

Sjekk skyss sin ruteplanlegger for busstider til Straume.

Linker