Jamnasåta og den spektakulære rundturen om Bjødnanebbet og Grånipa

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 11.146 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 4 timer 20 minutter
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 825
Sesong: Mars - Desember
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Denne turbeskrivelsen er hentet fra heftet og tur nr 2 i "Høyr fjella lokka" - 19 turar i Vaksdal.

Opp etter dei mjuke bergnabbane kring Vaksdal, frå den eine toppen til den andre. Utsikten og vidsynet som møter deg vert berre meir og meir spektakulært jo lenger opp du kjem. På blide dagar kan du sjå like ut i nordsjøbassenget, heilt til vindturbinane på Stord i sørvest. Start frå Vaksdal senter og legg i veg forbi sjukeheimen, over Jamne og vidare opp i Flordalen.

Følg vegen til høgre oppover, gjennom den krasse svingen og ta av på stien på høgre side av vegen. Her står det skilt til Såta, og stien er merka heilt opp. Etter 1,5 time i roleg tempo kjem du til «Kåresteinen» eller «Blekahaugen», begge lokalt brukte namn. So er det berre å traska seg vidare til topps på Jamnasåta og nyta utsynet over fjorden, mot Hananipa, Raudnipa, Brøknipa og Gullfjellet. Vil du gjere det til ein rundtur, fylgjer du stien vidare mot hyttene du ser i Flærne. Herifrå kan du gå ut til Bjødnanebbet som nærast heng i lause lufta vestafor Bjørnafjellet. NB! Her er det rasfare, så vær påpasselig! Snur du nasen austover, kjem du til tuftene av Jamnesætra og vidare til Grånipa som kneiser 806 meter til værs, sjølvaste høgdepunktet på turen. Utsikten er formidabel. Frå Grånipa går turen slakt nedover til Dyrdalsskaret. Held du deg til høgre, går det ein sti nedover mot Tjørnhaugen. Nedstigninga vert etterkvart brattare, men stien er fortsatt fin å gå. Den siste kilometeren går på veg.

Adkomst

Parkering i Vaksdal sentrum.

Stoppesteder

Sjekk skyss sin ruteplanlegger til Vaksdal.

Linker