Hellesætra fra "Høyr fjella lokka"

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.106 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 380
Sesong: April - Desember
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Denne turbeskrivelsen er hentet fra heftet og tur nr 5 i "Høyr fjella lokka" - 19 turer i Vaksdal

Ei lita perle

Hellesætra er det gamle stølsområdet til gardane på Helle og Stanghelle. Og det er ein populær nærtur som startar ved parkeringsplassen på sørsida av Dalevågtunnelen. Følg vegen gjennom gardstunet oppom parkeringsplassen. Deretter kan du velje om du vil gå den opprinnelege stien rett opp lia, eller den nyare skogsvegen som gjev ein litt slakkare start. På vått føre anbefaler me å gå skogsvegen, då stien er ganske bratt og glatt å gå når det er vått. Skogsvegen går opp til tta 200 moh.

Når den sluttar, er det tydeleg og god sti heilt opp. Og det er vakkert her oppe, berre så det er sagt. Dei 2,5 kilometrane opp tek deg 1,5-2 timar. På tilbakevegen kan du svinga inn på stien ned Kyrarekkje og gå herfrå til Dalegarden.

Vil du vidare innover frå Hellesætra, rekk du Vatnastølen på ein god halvtime. Vil du endå lenger, er det god sti vidare opp til Storefossen i Bergsdalen. Eit anna alternativ er å ta sikte på Dalestølen som ligg på 670 moh. Det går fin og merka sti frå Vatnastølen og opp. Det fantastiske utsynet du får over Dalebygda og dei mange omkringliggjande fjelltoppane er verdt strevet. Og so kan du ta deg nedover bratta på andre kanten og kome deg til Dale på det viset. Den omvegen må du rekna omlag 2 timar på.

Adkomst

Parkeringsplassen på sørsida av Dalevågtunnelen.

Stoppesteder

Sjekk skyss sin ruteplanlegger for buss- og togtider.

Linker