Kollbudalen - Skinstø

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.319 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 273
Sesong: Hele året
Område: Åsane Bergen Bergen byfjell nord

Beskrivelse

Dette turforslaget ble opprinnelig publisert i boken "OPPTUR BERGEN». Vi takker Selja Forlag for tillatelsen å kunne legge ut turbeskrivelsen i ut.no. "OPPTUR BERGEN" er en inspirerende turbok med 151 turforslag i Bergen og omegn.

Lettgått snartur

Start: Kollbudalen
Tid: 1 time
Høgd: 100-304 moh.
Lengd: 2km

Ei god trapp er vegen ut i terrenget frå Kollbudalen. Slik er starten på denne turen ikkje til å ta feil av.

Til Kollbudalen kjem du deg med byss frå byen. Fra stoppet ved Kollbudalen følg vegen oppover til høgre, sidan til venstre Kjem du i eigen bil, kan du parkera langs vegen.

Etter trappa svingar stien til høgre, og ei bratt, men etter måten kort, oppstigning tek til. Hald til høgre over bekken der det flatar ut. Herifrå stig det jamt, men ikkje bratt oppover. Terrenget er somme stader myrete og vått.

Stien koplar seg snart på det som er å rekna hovudstien til Geitanuken frå vest. Har du tenkt deg attende til utgangspunktet, er det lurt å merka seg terrengdetaljer der du skal ta av.

Mykje av løypa innover mot Geitanuken går over berg og sva i lettgått terreng. På toppen står det fleire kommunikasjonsmaster, så Geitanuken erl ett å sjø frå distanse. På veg innover har du nydeleg utsyn mot Byfjorden og Askøy.

Snur du deg, har du Herldefjorden i vest. Gå beint fram over toppen, men hald så til høgre nedover i terrenget. Du kjem snart ned i skogen i eit litt uryddig, men fascinerande terreng. Her er stadeigen skog, urer og ein stor heller å passera under. I ei slukt går ein smal asfaltveg. Kryss vegen og finn att stien på den andre sida. Gå over kanten. På den andre sida ser du bustadhusa på Skinstø. Du kjem ut ved Skinstø skole. Busstoppet ligg like nedanfor skulen.

Adkomst

Med bil til Kollbudalen. Parkering langs veien.

Stoppesteder

Buss til holdeplass Kollbudalen for stistart. Retur fra Skinstø. Sjekk reiseplanleggeren på skyss.no.

Linker