Salhus - Hitland

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.197 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 379
Sesong: Hele året
Område: Åsane Bergen Bergen byfjell nord

Beskrivelse

Dette turforslaget ble opprinnelig publisert i boken "OPPTUR BERGEN». Vi takker Selja Forlag for tillatelsen å kunne legge ut turbeskrivelsen i ut.no. "OPPTUR BERGEN" er en inspirerende turbok med 151 turforslag i Bergen og omegn.

Luftige utsyn mot vest og aust

Start: Salhus
Tid: 2 timar
Høgd: 40-355 moh.
Lengd: 7 km

Nordgardsfjellet er ikke særskilt høgt, men det byd på flotte utsyn over fjordlandskapet, øyane nord og vest for Bergen og bustadfelta som har grodd opp i dette området dei siste seksti åra. Før var det spreidde gardsbruk og innmark som låg inntil fjella her. Mange bergensarar hadde hytter nordover langs fjorden. Men då det vart knapt med tomteland i Bergen, var det mellmo anna denne vegen folk søkte. Mange sentrumsfamiliar tok med seg pikk og pakk, bygde nytt og flytta frå bykjernen og ut på det som den gongen var landsbygda.

Frå Nordgardsfjellet er det flott utsyn over dette området.

GPS-spor viser en annen stistart enn beskrivelsen. GPS-spor oppdateres etter hvert når turen blir sporet.

Denne turen går ut mellom eigedomane Salhussvingen 23 og 25, like ovanfor det siste busstoppet før Salhus kai, det som heiter Langeland. Stien svingar seg fint oppover i terrenget, gjennom til dels tett lauvskog, dominert av bjørk. Det ligg fleire stemmer på fjellet, den første langt nede i lia, på Rundhaugen. Denne stemma, som tilhøyrde Salhus Vassverk og forsynte husstandane med vatn, vart truleg bygd ein gong på slutten av 1800-talet. Det var i bruk til midt på 1900-talet.

Når du kjem opp og terrenget flatar ut, kjem du til Store Jørgenstemma, så tek du til høgre over stemmegarden og følgjer stien som går langs kanten i sørleg retning. Hald fram på ein meir austleg kurs like til toppen av Nordgardsfjellet, men ta deg tid til å nyta utsynet. I nord ligg Lindås og Nordhordlandsbrua og Osterfjorden, i vest Holsnøy og Herdlefjorden, Askøy og Øygarden. I sør ser du byen og Byfjellene som kransar han.

Under oppstigninga har du for det meste gått gjennom tett lauvskog. Gamle bilete frå Salhuslia viser eit tilnærma trelaust landskap. No stengjer skogen for utsynet mot fjorden. Berre nokre få plassar finn du gliper i skogen som yter rettferd til det fine fjordutsynet. Også innover på fjellet er skogen i ferd med å etablera seg. Meir enn varmare klima skuldast nok det mangelen på beiting.

Frå toppen av Nordgardsfjellet går det sti mot Baugtveit og Hitland. Skilt viser veg. I aust kneisar no det alpine Høgstefjelelt med kulturlandskapet på Baugtveit som roleg motstykke til villskapen.

Snart kjem du ned på bygdevegen som tek deg ned til Hitland. Vil du gjera det til ein rundtur, er det berre å følgja fylkesvegen dei rundt tre kilometrane attende til Salhus.

Adkomst

Med bil til Salhus.

Stoppesteder

Buss til holdeplass Vikavegen for stistart, tilbake fra holdeplass Støbotn snuplass. Sjekk reiseplanleggeren på skyss.no

Linker