Salhus - Sætregården - Salhus

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 8.186 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 517
Sesong: Hele året
Område: Åsane Bergen Bergen byfjell nord

Beskrivelse

Dette turforslaget ble opprinnelig publisert i boken "OPPTUR BERGEN». Vi takker Selja Forlag for tillatelsen å kunne legge ut turbeskrivelsen i ut.no. "OPPTUR BERGEN" er en inspirerende turbok med 151 turforslag i Bergen og omegn.

Kulturbygda ved fjorden

Start: Salhus
Tid: 3 timar
Høgd: 50-391-50 moh.
Lengd: 7,5 km

GPS-sporet følger en annen vei ved stistart! Samme fra Sætregården til stien på sørsiden av elven. Dette endres når riktig GPS-spor er tatt opp.

Denne turen går ut mellom eigedomane Salhussvingen 23 og 25, like ovanfor det siste busstoppet før Salhus kai, det som heiter Langeland. Stien svingar seg fint oppover i terrenget, gjennom til dels tett lauvskog, dominert av bjørk. Det ligg fleire stemmer på fjellet, den første langt nede i lia, på Rundhaugen. Denne stemma, som tilhøyrde Salhus Vassverk og forsynte husstandane med vatn, vart truleg bygd ein gong på slutten av 1800-talet. Det var i bruk til midt på 1900-talet.

Når du kjem opp og terrenget flatar ut, kjem du til Store Jørgenstemma,så Litlejørgen litt høgare og litt lengre aust. Desse vart bygde i regi av Salhus Væverier og fekk namn etter direktøren, Jürg Clausen.

Du held fram i austleg retning, i dalføret nord for Nordgardsfjellet. Øvst i Salhusdalen, i stidele, tek du mot nord opp på Tellevikafjellet. Hald fram mot nordaust, seinare aust, til du kjem fram til plantefelt. Her bryt du mot nord att nedover mot Sætregården. Stien nedover går til dels gjennom tett planteskog. Ute auv skogen er du nede ved Sætregården. Her er ridesenter med open gard og servering i helgane. Her er fleire dyr og velhalde kulturlandskap.

Turen går forvi det raudmåla våtningshuset i vestleg retning på kjerreveg. Følg så stien på sørsida av elva i dalsøkket. Hald fram til grunnanae av eit gammalt torvhus og følg stien langs steingarden nedover, framleis på sørsida av elva. Stien endar på vestsida av Hordviktunnelen, nokre hundre meter frå Nordhordlandsbrua. Følg vegen langs E39 og finn stien att litt lengre nede. Han går over ei myr, så gjennom planteskog og kjem ut att i eit nytt, lite bustadfelt.

Herifrå følgjer du vegen attende til utgangspunktet. Denne smale vegen i bratte berget vart elles bygd under krigen av m.a. austeuropeiske krigsfangar.

Adkomst

Til Salhus.

Stoppesteder

Buss til holeplass Vikavegen. Sjekk reiseplanleggeren på skyss.no.

Linker