Sæterstøl - Veten - Hordvik

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.208 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 306
Sesong: Hele året
Område: Åsane Bergen Bergen byfjell nord

Beskrivelse

Dette turforslaget ble opprinnelig publisert i boken "OPPTUR BERGEN». Vi takker Selja Forlag for tillatelsen å kunne legge ut turbeskrivelsen i ut.no. "OPPTUR BERGEN" er en inspirerende turbok med 151 turforslag i Bergen og omegn.

Smør på flesk

Start: Vikaleitet
Tid: 3 timar
Høgd: 100-468-70 moh.
Lengd: 6 km

Sæterstøl ligg luftig og austvend til rundt 200 meter over havet. Her oppe har ein flott utsyn over Haukåsvatnet i aust. men også mot Sørfjorden og Osterøy i nord. Namnet Sæterstøl er i seg sjølv interessant. Det ber i seg noko som trygt må kunna karakteriserast som smør på flesk, ettersom ei sæter er å rekna som nøyaktig det same som ein støl. Fenomenet er ikkje uvanleg, og forklaringa bak er truleg at det som opphavleg var nettopp ei sæter eller ein støl, er blitt til ein sjølvstendig gard med namnet Sæter. Så har denne garden etter nokre år etablert si eiga sæter. Denne sætra fekk då gjerne namnet Sæterstøl.

Turen frå Sæterstøl til Hordvik følgjer ei litta nna rute enn turen frå Mellingen til Veten. I staden for å følgja høgdedraget i vest over Håkeberget, som er den luftigaste og mest populære ruta, går du nede i dalføret i aust, fram mot Storsåta. Her er planta mykje gran, og deler av turen går gjennom tett skog. Ein plass i granskogen finst restane av ein gammal hoppbakke. Her vart det arrangert mange hopprenn i første halvdel av de førre hundreåret. Siste gong bakken var i bruk, var i 1954. Bakkerekorden skal ha vore 33,5 meter. Friske utforrenn blei også kjørt i liene ned frå Veten den gongen husdyrhald sytte for å halda både skog og brake nede.

Når du kjem ut av skogen og opp i skaret ved Storsåta, ved eit gammalt torvhus, svingar stien mot vest og tek deg til toppen av Åsanes høgaste fjell Veten. På vegen opp til toppen får du Svortatjørna på venstre hand. Tjørna forsynte i si tid eit kvernhus nede i dalen med vatn.

Du held fram over toppen i vestleg retning, men bryt snart av mot nord og folgjer ryggen nedover Ruskafjellet. Like aust for Hordviktunnelen kryssar du Europavegen på bru og held fram ned mot gamleskulen i Hordvik, der turen sluttar.

Adkomst

Til Sæterstøl.

Stoppesteder

Sjekk reiseplanleggeren på skyss.no. Busstopp Vikaleitet, derifra til fots til Sæterstøl. Retur fra Prestbrua.

Linker