Mellingen - Tellevik: Den trondhjemske postveg

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.129 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 212
Sesong: Hele året
Område: Åsane Bergen Bergen byfjell nord

Beskrivelse

Dette turforslaget ble opprinnelig publisert i boken "OPPTUR BERGEN». Vi takker Selja Forlag for tillatelsen å kunne legge ut turbeskrivelsen i ut.no. "OPPTUR BERGEN" er en inspirerende turbok med 151 turforslag i Bergen og omegn.

Nærkontakt med fortida

Start: Mellingen Tid: 1-2 timar Høgd: 100-280-0 moh. Lengd: 6 km

Mellom Mellingen og Tellevik går du på historisk grunn, for dette er ein del av Den gamle trondhjemske postveg. Inntrykket av historie blir forsterka av dei gamle utløene og torvhusa du passerer undervegs. Dei er i nett like god stand som sjølve postvegen, og som små kunstverk av gråstein ligg dei der og inviterer til tankeflukt.

Men dei inviterer deg inn også. I ruskevèr kan matpakka nytast innandørs i skinet frå blafrande stearinlys.

Mellingen kjem du til om du held til venstre innover forbi møbelgiganten Ikea på Nyborg i Åsane. Litt etter litt har utmark og innmark måtte vika for nye utbyggingar i Åsane. Overgangen mellom det urbane og det rurale er dramatisk når du går innover Dalevegen mot Mellingen. For når du legg Ikea bak deg, opnar det seg ei heilt anna verd. Grønne bøar, fine tun, det glitrande Langavatnet. Kyr og sauer på beite, grinder og gråsteinsmurar, kulturlandskapet som kryp oppover mot fjellet. Mellingen er ein bondeidyll som er til å bli nasjonalromantikk av, berre eit steinkast frå trengsla og kommersen.

Vår tur følgjer postvegen den bratte bakken opp i Rimmaskaret. På vegen opp passerer du tre steinhus, og like inne på flaten ligg endå eitt. Dei to siste er torvhus, medan dei andre er høvesvis gardsflor og flor/sommerfjøs/tørrhøyløe.

På myra som ligg på nordsida av postvegen oppe i sjølve skaret, vart det drive torvuttak i stor stil. Inntil to mannshøgder ned i myra vart det skore torv, og enno kan ein sjø spor etter den aktiviteten. Torva vart tørka i løpet av våren, og om vinteren vart han brukt til brensel på gardane like fram til etter siste krig.

Postvegen held fram gjennom Rimmaskaret til Falkanger. Herifrå går ahn forbi den gamle skytebana til Hordvik og Åsane Skyttarlag, noko aust for Falkangervegen.

Frå Tellevik er det bussamband både mot Salhus og Åsane. Postvegen gjekk ned til Tellevik kai, der posten vart rodd over fjorden til Isdalstø. Herifrå gjekk ferda vidare mot Trondheim.

Adkomst

Bil til Åsane/Ikea på Nyborg. Det er ikke lenger mulig å parkere ved Mellingen, så her må en tenke alternativt for ankomst til Mellingen. Fint å gå inn Dalavegen.  

Stoppesteder

Bussholdeplass IKEA Åsane, derifra til fots til stistart. Tilbake fra holdeplass Tellevik. Sjekk reiseplanleggeren på skyss.no

Linker