Hausdalshorga fra Osavatn

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 12.312 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 4 timer 30 minutter
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 802
Sesong: April - Desember
Område: Arna Bergen Fana

Beskrivelse

Dette turforslaget ble opprinnelig publisert i boken "OPPTUR BERGEN». Vi takker Selja Forlag for tillatelsen å kunne legge ut turbeskrivelsen i ut.no. "OPPTUR BERGEN" er en inspirerende turbok med 151 turforslag i Bergen og omegn.

Den lokale Besseggen

Start: Osavatn
Tid: 4-5 timar t/r
Høgd: 310-808-775 moh.
Lengd: 12 km

Der Gullfjellet skulle ha slutta i sør stikk Hausdalshorga ut og pesenterer ein kant og ei oppleving som liksom set prikken over i-en. For Hausdalshorga er det næraste du kjem Besseggen innanfor bygrensene, og særleg på turen ut og inn har du denne luftige kjensla av å balansera mellom to avgrunnar, Hausdalen i aust og Austebotn i vest. Men turen frå Osevatnet er meir enn Hausdalshorga. Dette er ein frodig del av Gullfjellet, med mykje grøn gras og saftig beiteland. Mange lam et seg gode og spreke i dette området i løpet av sommaren.

Frå parkeringsplassen ved Osavatnet går du omtrent rett ut i terrenget: Over brua og opp på ryggen som kvelvar seg i aust. Her går det god og tydeleg sti oppover Mjelkhaugen mot toppen av høgdedraget. Her møter du varderekkja frå Totland. Over heile Gullfjellet går denne varderekkja, som vart påbegynt i 1929. 160 høgreiste vardar som er små kunstverk i seg sjølv, men som har ein viktigare funksjon enn det i skodde og uvèr: Å vise vegen for fjellfolk. Vardane er nummererte og utstyrte med pil som viser veg til neste varde. Du følgjer varderekkja som går opp skråningane i aust. Bakom toppen ligg ein ny topp, og bakom den kanskje endå ein. Det er ei erfaring som fjellfolk gjer seg tidleg. Men snart står du på toppen av Austefjellet.

Austefjellet kan vera eit turmål i seg sjølv, men vi held fram over toppen på sørleg, seinare austleg kurs. I søraust ligg no Hausdalshorga, grønkledd og vakker. Ho veks seg større og mektigare for kvart steg du nærmar deg.

Horgehalsen er den skarpaste delen av egga. Her går det bratt nedover på begge sider, og ruta er ikkje tilrådd brukt om vinteren. På sommarføre er det svimlande luftig, men uproblematisk å ta seg fram.

Frå halsen og opp på toppen av horga (784 moh.) er det tett opptil hundre høgdemeter.

Frå varden på kanten i sør er det storfelt utsyn vidare sørover, og særleg mot Os-vassdraget som glitrar i landskapet. Her er det også bok å skriva seg inn i. Også Dyrdalen, med glitrande vatn, klukkande bekker og frodig beiteland, er fin å kvila augo på.

Det går sti ned i Dyrdalen og vidare til bontveit, men vi returnerer same vegen som vi kom, alternativt via Redningshytten.

GPS-rute viser alternativ rute via Redningshytten på returen.

Adkomst

Parkeringsplass ved Osavatn

Stoppesteder

Sjekk reiseplanleggeren på skyss.no. Holdeplass Osevatn

Linker