Søre Gullfjellstoppen fra Hausdalen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 32.761 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 1 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1662
Sesong: Mai - Desember
Område: Bergen Fana

Beskrivelse

Dette turforslaget ble opprinnelig publisert i boken "OPPTUR BERGEN». Vi takker Selja Forlag for tillatelsen å kunne legge ut turbeskrivelsen i ut.no. "OPPTUR BERGEN" er en inspirerende turbok med 151 turforslag i Bergen og omegn.

Ei kjensle av pelsjegerliv

Start: Hausdal
Tid: 4 timar t/r
Høgd: 100-960 moh.
Lengd: 10 km t/r

Turen fra Hausdalen til Søre Gullfjelltoppen er ein motbakke som ikkje gjev fred før du står på toppen. Det er ein bakke som krev pågangsmot å gje seg i kast med, men som er dess kjekkare å nedkjempa. Og til orientering: Det er ikkje toppen du ser frå dalbotnen, berre ein av mange kantar du må over.

Hausdalen er i seg sjølv ein idyll: Ein skogkledd dal kransa av høge fjell og med ei blank elv i botnen. Ei kjensle av villmark og pelsjegerliv berre nokre steinkas frå dei inste gardane. Hit kjem du deg om du tek av E39 på Kalandseidet og køyrer dalen til endes. her fnin du god parkeringsplass.

Turen tek til på den gamle militærvegen mot Hisdalen i Samnanger. Når du rundar Hausdalsåsen, får du ryggen du skal kliva, beint imot. 350 meter etter brua over Tverrelva som kjem ned frå venstre, går det tydeleg sti ut i terrenget. Du kryssar beint under ei av kraftmastene og held fram inn i fureskogen.

Det blir fort brattare etter ein relativt mjuk start. Skogen blir skrinnare, du må kliva ei ur eller to, du må leita litt meir etter stien til meir stein og berg som overtek for gras og lyng. Her og der er det bygd ein liten varde, men merkinga er ikkje systematisk. Oppstigninga går likevel greitt, og om du ikkje treffer nøyaktig stien heile vegen, så er ikkje det noko problem. Det er berre ein rygg å følgja.

Utsynet attande i dalen blir etter kvart meir og meir storslått, og unner du deg ein pust i bakken, er det mykje fin natur og mykje flott kulturlandskap å kvila augo på.

Det er ein god del berg og ur på vegen oppover mot toppen, men ein del av det siste partiet går gjennom ei renne med gras.

Frå toppen er det formidabelt utsyn over mykje av det området vi reknar som Gullfjellet. På klåre dagar ser du mykje av stisystemet som buktar seg fram gjennom landskapet. Også Redningshytten ser du i nordvest.

Frå Søre Gullfjellstoppen kan du ta deg vidare innover på Gullfjellet. Vil du gjera det til ein rundtur, kan du runda gullfjellstjørnane i nord og følgja varderekkja ned Ålen og Korketrekkjaren og koma ned att Hausdalsåsen. Men vår tur har retur samme vegen som vi kom opp.

Adkomst

Parkeringsplass i Hausdal

Stoppesteder

Sjekk reiseplanleggeren på skyss.no. Holdeplass Hausdal snuplass.

Linker