Hovden. Barekstad til Kvannhovden fyr via Hovdevåg

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 7.694 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 304
Sesong: April - November
Område: Fjordane

Beskrivelse

Følg bilvegen frå rutebåtkaia i Barekstad til Hovdevåg omlag 5 km. Frå Hovdevåg er det merka ( Nordsjøløype ) ut til Kvannhovden fyr. Du går via Sildevågen og passerar Skjelvika før du kjem til Kvannhovden fyr. Turen tilbake kan du gå via Domba som ein rundtur.

Kvannhovden fyr vart bygd i 1895 og automatisert i 1980. No brukt til overnatting og har servering enkelte dagar. Rett over fyret ligg høgste fjellet på øya, Store Skorekinna 310 moh.

Du kan også gå same veg attende til Hovdevåg og bilvegen til Rutebåtkaia i Barekstad.

Ta gjerne ein avstikkar til Ytre Hovdevåg. Der finn du ei minneplate med takk for illegal innsats frå lokalbefolkninga på Hovden, flyktningetrafikken og illegal mottak av våpen frå England under 2. verdskrigen. På ein haug 100 meter lengre vest møter du det 2,5 meter høge gravmonumentet over den nasjonalt kjende sauebonden Johan Schumann ( 1859 - 1911 ). Foregangsmann og folkeopplysar. Han selde Nordhovden i 1899 til Indrehusfamilien som driv garden også idag. Enno finn ein sauer på Svanøya som kjem frå sauefloken til Schumann. På Nordhovden er det eit freda fuglefjell. Du kan no gå bilvegen til Barekstad omlag 5 km til Barekstad kal. Om lag midtvegs møter du busetnaden i Hovdetræet.

Utgangspunkt for mange fine turar er rutebåtkaia i Barekstad. Der er det også gjestebrygge og sanitærrom med toalett og betalingdusj.

På nordsida av øya, i Domba er det uthamn laga av Florø Båtforening som også er eit fint utgangspunkt for turar på øya.

Sporet på kartet er gått ein veg. Hugs å legg til omlag same tid for returen.

God tur!

Adkomst

Rutebåt til Barekstad kai

Stoppesteder

Rutebåt

Linker