Pissaren på Sygnesand

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.364 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 733
Sesong: Juni - September
Område: Breheimen med jostedalsbreen

Beskrivelse

Fenomenet Pissaren kjem av ei utforming i fjellet som gjer at vatnet som kjem nedetter fjellsida møter ei 90 graders fjellhylle og gjer til at vass-spruten står rett ut av fjellsida. Eit spesielt og veldig artig naturfenomen på Sygnesand! I periodar med mykje nedbør, eller på varme sommardagar når det er mykje smelting frå breen, er Pissaren på sitt største. 

Turen startar ved gardane på Sygnesand ved Kjøsnesfjorden og følgjer vestsida av Sygnesandselva oppover dalføret. Du går langs vestsida av Sygnesandselva gjennom eit nydeleg beiteområde. Det går mykje geiter i området, som lagar sine heilt eigne stiar, så det er lurt å følgje dei raude merka oppover bakkane. 

Når du kjem opp i Sygnesandsdalen flatar det ut litt. Her opnar det seg eit mektig syn med den bratte veggen til Sygnesandsnipa mot aust og brefallet til Grovabreen mot vest. Gjennom dalen må du krysse nokre små-elvar. Ver merksam på at det i periodar med mykje nedbør og bre-smelting kan det vere utfordrande å krysse nokre av elvane i dette partiet. Om du leitar litt finn du som oftast ein plass der det går an å krysse. 

Vidare går du opp Kleiva, som er noko brattare parti på turen. Når du er komt opp Kleiva møter du Pissargrova. Denne må kryssast før du så svingar til høgre og føl Pissargrova på sørsida opp til du kjem til naturfenomenet. 

Her er Pissaren i all sin prakt, og det er berre å hive skjorta og komme seg i kalddusjen! 

Turen tek ca 1,5-2 time ein veg. 

AC Kapstad for IST

Adkomst

Frå Skei køyrer du på riksveg 5 innover Kjøsnesfjorden. Ta av der det er skilta til Sygnesand. Køyr igjennom Olatunellen og fram til gardane på Sygnesand. Her er det laga til skilta og oppmerka parkeringsplass du kan nytte.