Fanafjellet fra Hordamuset

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.78 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 230
Sesong: Hele året
Område: Bergen Fana

Beskrivelse

Dette turforslaget ble opprinnelig publisert i boken "OPPTUR BERGEN». Vi takker Selja Forlag for tillatelsen å kunne legge ut turbeskrivelsen i ut.no. "OPPTUR BERGEN" er en inspirerende turbok med 151 turforslag i Bergen og omegn. 

Start: Fanasæter Tid: 2 timar t/r Høgd: 230-300 moh. Lengd: 6,5 km t/r 

Hordamuseet, har samla stølsbygningar frå fleire stader i hordaland på Fanafjellet. Stølsmiljøet på Fanasæter set deg lett hundrevis av år attende, til ei tid då livet var mykje meir fysisk strevsamt og krevjande enn det er i dag, og trongare. Nasjonalromantikarane mellom oss likar likevel å tenkja at stølslivet var rikt, og det finst mange vitnesbyrd som kan tyda på at det var det.

Turen går ut gjennom museumsområdet på grusveg. På tydeleg sti tek du deg fram til Ramberget, 299 moh. Frå Ramberget er det flott utsyn nordvestover. Ramberget er møteplass for modellflyentusiastar. På fine dagar set dei kvarandre stemne her og nyttar den varme lufta som stig opp på nordvestsida av fjellet til å halda glideflya sine i flukt.

Frå Ramberget går turen vidare i sørvestleg retning. Terrenget er småkupert, og underlaget varierer mellom mjuk skogbotn, hardt fjell og blaut myr, og det er overraskande mykje av det siste. Tek du turen på ein våt dag, kan det såleis vera temmeleg fuktig.

Fram mot Linken, eller Lysskarfjellet som toppen eigentleg heiter, går det litt opp og ned. Frå det siste skaret og opp til toppunktet er det ganske bratt. Her er det sett opp tau som ein kan hjelpa seg med.

Til toppen av Lysskarfjellet strekkjer Hisdalen naturreservat seg. Det dekkjer 2611 dekar like frå strandkanten i Lysefjorden. Reservatet vart oppretta i 1999 for å ta vare på eit skogsområde, slik at plante- og dyreliv kan utvikla seg naturleg.

Vår tur går attende same vegen frå Lysskarfjellet, men det finst alternative stiar. Ein kan halda fram sørvestover til Folldalshaugane. Vidare herifrå kan ein koma seg til Krokeide. I sør ligg Nordvik. Ned dit går det også sti.

Adkomst

Bil til Fanaseter på Fana.

Stoppesteder

Sjekk reiseplanleggeren på skyss.no.

Linker