Stendafjellet rundtur

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 6.147 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 226
Sesong: Hele året
Område: Bergen Bergen byfjell sør Fana

Beskrivelse

Dette turforslaget ble opprinnelig publisert i boken "OPPTUR BERGEN». Vi takker Selja Forlag for tillatelsen å kunne legge ut turbeskrivelsen i ut.no. "OPPTUR BERGEN" er en inspirerende turbok med 151 turforslag i Bergen og omegn.

Vide utsyn, og litt som auge ikkje ser

Start: Ved gamle Stend stasjon Tid: 2 timar Høgd: 60-232 moh. Lengd: 6,5 km

Utan å gjera stort av seg, ligg det der, Stendafjellet. Men dette høgdedraget på austsida av Rådalen har ikkje berre mykje spennande historie knytt til seg, det rommar også, i bokstaveleg meining, meir enn auget fangar. Framfor alt har bygdene og grendene rundt fjellet mykje interessant historikk å by på.

Turen tek til ved ein slik historisk plass. Stend stasjon var ein av stoppestadene på Osbana, og ved opninga av bana i 1894 overtok nettopp Stend den posisjonen som Fanahammaren til då hadde hatt i Fana-bygda. Stasjonshuset fekk postopneri frå første stund. Også den korte avstanden til jordbruksskulen gjorde Stend til ein av dei viktigare stasjonane langs ruta. I skrøningane like ovanfor stasjonen blei det laga ein dam til å forsyna lokomotiva med vatn.

På turen oppover passerer vi denne dammen. Turen over Stendafjellet er ikkje særskilt krevjande, sjølv om det her og der går bratt både oppover og nedover. Fleire plassar er det etablert naturstiar ut i terrenget, og det er sett opp skilt som gjef innføring om alt frå tresortar til bakgrunnen for skogsvegane. Det er Hordaland Skogselskap som har oppsynet med Stendafjellet og legg til rette for bruken av det, mellom anna med stiar og rateplassar. Det meste av eigedomen ligg under jordbruksskulen.

På turen over og rundt Stendafjellet passerer vi gjennom fleire plantefelt. Her finst eikeskog, edelgran, sitkagran, hemlock, buskfure, tuja, sypress, oregon pine, lerk og bøk.

Vi følgjer skogsvegen over Stendafjellet, berre med ein avstikkar opp til sjølve toppunktet. Herifrå er det vakkert utsyn mot Fanafjellet, Fanafjorden, Korsfjorden, Sotra, Marsteinen og øyane i Austevoll. I bustadfeltet på Krohnåsen kjem vi ut på asfaltveg. Her går det bratt nedover mot Lagunen. Frå kjøpesenteret følgjer vi den gamle Osbane-traseen attende til utgangspunktet. På vegen attende passerer vi fleire tunnelar som er sprengde inn i fjellet frå vest. Djupt i Stendafjellet finst nemleg både eit stort vassmagasin og eit deponi for spesialavfall. 

OBS: På returen fra Lagunen til Stend stasjon krysser man byggefeltet for Hordfast. Endringer i traséen og sperringer kan forekomme.

Adkomst

Parkering ved Stend stasjon

Stoppesteder

Sjekk reiseplanleggeren på skyss.no. Holdeplass "Stend".

Linker