Eldsbu - tur til dagsturhytta i Alver kommune

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.842 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 301
Sesong: Mars - November
Område: Nordhordland

Beskrivelse

Den flotte dagsturhytta Eldsbu ligg like ved toppvarden på Eldsfjellet, det største fjellmassivet i ytre del av Alver kommune. Her har du panoramautsikt til fjell, sjø og sol!

Hytta har ein liten vedovn, bibliotek med nynorske barnebøker og sitjebenkar inne og ute. Her er det fint å ete matpakka og ta ein god pust i bakken. Det er ikkje lov å overnatte på hytta. Forlat hytta slik du ynskjer å finna den. Ta med deg søppel, flasker osv. heimatt.

Turskildring til hytta:

Stien startar rett nord for parkeringsplassen som ligg ved motorcrossbana på Rossland. Sjå etter eit lite skilt ved vegkanten. Turen går bratt opp til ein kjem over tregrensa. Vidare flatar den noko ut, før det igjen vert bratt på slutten. Du kjem opp ved toppvarden på 324 moh. Då ser du dagsturhytta. Gå omlag 100 meter mot nordaust og du er ved hytta. 

Turen opp til Eldsfjellet er mykje nytta, men merkinga er ikke av beste sort. Følg godt med, då delar av turen går på stein/berg. I skogspartia er det bratt. Underlaget kan vere glatt. Ver ekstra varsam ved mykje nedbør og snø. Turen opp er i underkant av 1,5 km. Rekn ca. 45 minutter kvar veg.

Ta kontakt med Alver kommune ved spørsmål og tilbakemelding på hytta.

Adkomst

Frå Bergen, følg E39 nordover til du har passert Nordhordlandsbrua. Ta av mot Frekhaug og vidare til Rossland. Vidare ca 3 km. til du har passert ei motorcrossbane på venstre hand. Mogleg parkeringsplassar her, og på opparbeid parkeringsområde av Alver kommune. Stistart er ca. 100 meter nord for motorcrossbana, ved bilvegen. 

Stoppesteder

Skyss reiseplanlegger

Linker