Klebersteinsbruddet i Raudalen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.152 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 1 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 136
Sesong: Juni - November
Område: Hemsedal, golsfjellet og valdres

Beskrivelse

For om lag 400 millionar år sidan vart jordplater pressa saman og opp til det fjellmassivet vi i dag kallar Jotunheimen. Jordskorpa var meir eller mindre snutt opp ned slik at vi høgt til fjells kan finne både grunnfjell og fossilar. I laga finn vi også metamorfe (omdanna) bergartar og somme stader har det danna seg linser og lag av kleberstein. I RaudaIen kjem det fram ei slik linse.Kleberstein er ein mjuk bergart, og kan derfor lett skjærast i med kniv. Ein annan viktig eigenskap er at den er svert varmebestandig, den egner seg derfor godt til bruk i omnar og kokekar. Vikingane kalla steinen grjótstein og ordet gryte kjem soleis av ordet grjót. Kor lenge denne har vore i bruk veit vi ikkje, men kleberstein dukkar opp i gravfunn frå yngre jarnalder (600-1030) i form av t.d. kar eller snellejul i Valdres. På denne tida var ei rekkje av klebersteinsbrota i bruk andre stader i Noreg. Det er ikkje stadfesta kvar steinen i gravfunna kjem frå, men det er ikkje urimeleg å tenkje seg at dei kjem frå klebersteinsbrotet i Klybbersteinsberget vest for Sauebekken i Rauddalen.Drifta i brotet ved Klybbersteinberget var omfattande.

Brotet var i drift så seint som i 1917. Moderne drift av brotet har vore så omfattande slik at moglege spor etter eldre drifter fjerna. Anlegget er synleg i form av to større sjakter inn i fjellet, en større hus- tuft og en stor tipp med vrakmateriale. Frå brotet mot nordvest går det en 300 m lang og tydelig oppmura veg.

Vi har tre ulike bergarter:

1. Magmatiske. Dette er eruptive bergartar laga av smelta stein /lava Desse kan igjen deles i dagbergartar, gangbergarter og dagbergartar

2. Sedimentære. Dette er berg som er danna av lagvise partikkelavsetningar. Det kan være mellom anna som skifer, kalkstein, sandstein eller konglomerat

3. Metamorfe. Dette er bergarter som er omdanna ved høg trykk og temperatur. Mange stader har sedimentære bergarter vore i gjennom høgt trykk og temperatur mellom anna under danninga av ei fjellkjedefalding slik at der vert danna nye kjemiske samansetningar og nye bergartar.

Kleberstein er ein metamorf bergart som er ei blanding av magnesiumsilikatar/talk. Det finst ulike typar kleberstein. Den reinaste sorten kleberstein er danna frå serpentin, dei meir ureine sortane er danna av gabbroide bergarter. Fargen på kleberstein er grønkvit til mørkegrøn ofte også med rustfarga felt.

Adkomst

Rute 1 for Sykkel/bil: Køyr Slettefjellvegen frå Vang eller Beito. Ta av til Grønolen Fjellgard og følg denne vegen til Rauddalen og Bundestølen. Følg merka gangstig derifrå.

 Rute 2 med bil: Køyr til Valdres Sylvsmie på Eggåsvegen. Ved Sylvsmia tek du av bomveg til Rauddalen. Køyr til Bundestølen og følg merka stig derifrå.