Rundtur Tollefstøylen og Holestøylen (Hamarsbakkestøylen)

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 10.184 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 1136
Sesong: Mai - Oktober
Område: Breheimen med jostedalsbreen

Beskrivelse

Turen startar ved Jølstravatnet og vidare på skogsveg frå vestligaste gard på Strand. Etter skogsvegen går du på sti i eldre, open og frodig bjørkeskog. Stien snirklar seg flott oppover det bratte terrenget, og er lagt slik at du nesten ikkje merkar kor bratt landskapet er. Du har utsikt mot Jølstravatnet på veg opp. Vel oppe ved støylshuset får du flott utsikt mot Klauva, Ålhus, Jølstravatnet og Tindefjellet. Turen opp til Tollefstøylen tek kring 45-60 minutt.

Frå Tollefstøylen kan du gå vidare mot vest mot Hamarsbakkestøylen og Holestøylen. Frå Tollefstøylen går du på ei hylle i terrenget i relativt flatt og lett kupert terreng. Bjørkeskogen er open og fin i dette gamle kulturlandskapet, og du har god utsikt mot Jølstravatnet og ned på gardane på Strand heile vegen. Det er relativt godt synleg sti frå Tollefstøylen og fram til det siste stykket der du skal stige nokre få høgdemeter opp i terrenget langs ein rygg. Her kjem du ovanfor skoggrensa og terrenget opnar seg enno meir, og du kjem opp på eit enno større og opnare platå i terrenget. Du held fram vestover under Middagsfjellet til du kjem til støylshusa. Første selet du møter på er Hamarsbakkestøylen og det andre selet, som ligg rett ved, er Holestøylen.

Frå støylane viser dette GPS-sporet retur til garden Hola. Her følgjer du god og tydeleg sti nedover lia. Når du møter på ein eldre gardfjøs ved ei grind held du fram rett sørover ned mot den fråflytta garden Hola. På vegen ned her går du i noko granskog før du møter på ei uteløe rett før du kjem inn på bøen ovanfor Hola. Rett ovanfor den øvste gardfjøsen deler stien seg, og du kan velje å gå i retur til garden Hamarsbakken (sjå lenke lenger nede). Denne stien går meir søraustleg i terrenget. Du kan og nå garden Hamarsbakken ved å ta av på sti mot aust når du har gått omlag halvveges ned mot Jølstravatnet igjen (sjå lenke nedanfor) etter å ha forlate støylane.

Rundturen via Tollefstøylen, Hamarsbakkestøylen og Holestøylen vart merka med raude merke som fjelltrim i Jølster 2019. Rundturen tek omlag 3 timar.

AC Kapstad for IST 

Adkomst

Turstart ved Strand langs Fv 451. Parkering på lomme ved fylkesvegen før du kjem til Strand. Parker slik at du ikkje er til hinder for trafikk og gardsdrift. 

Linker