Bjørsetfjellet - skitur frå Årdalen

Om turen

Type: Skitur
Lengde: 6.442 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 779
Sesong: Mars - Mai
Område: Fjordane

Beskrivelse

Flott skitur spesielt for randonee, og spesielt om våren, ettersom terrenget er austvendt og kan ha gode snøforhold til langt ut i mai. Ein ganske kort tur, som gjerne kan takast ein ettermiddag.

Parker ved start bomveg, og ta til venstre. Dei fleste tek seg opp på fjellryggen som vender oppover mot Bjørsetfjellet, men det er ganske bratt i starten. Nedkøyring bør skje like aust for denne fjellryggen, ettersom det lenger mot nord kan vere rasfarleg i henget under fjellet. Nedkøyringa er middels krevande, og ikkje så lang.