Gotdalsstøylen og Tolsbotnen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.367 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 701
Sesong: Juni - Oktober
Område: Fjordane Naustdal-gjengedal landskapsvernområde

Beskrivelse

Turen startar på traktorveg, som går heile vegen opp til Gotdalsstøylen. På vegen opp her passerer du den flotte og majestetiske fossen i Gotdalen. Denne vert i 21/22 regulert pga. vasskraftverk. Traktorvegen er òg fin å sykle dersom du vil spare tid opp og ned. Godtdalsstøylen er eit nydeleg turmål i seg sjølv. Sjølv om du går på skogsveg heile vegen opp ligg støylen rolig og fint til midt i eit uendelig fint fjellterreng trygt innramma av flotte fjell. 

Frå støylen går du på relativt tydeleg, og delvis merka sti, opp til Tolsbotnen. Det er lurt å gå opp i skaret mellom Gotdalsnipa og Litlebotsegga (ca 1000 moh). Dei få ekstra høgdemeterane opp frå botnen til skaret gir deg flott utsikt mot Stegsvatnet i Årdalen. Turen opp tek kring 1,5-2 timar frå støylen. 

Turen opp til Tolsbotnen er første etappe på DNT-ruta som går frå Ålhus og vidare over fjella til DNT-hytta Longevasshytta. Frå Longevasshytta kan du bl.a. returnere forbi Stegsvatnet og ned att til Årdalen.

AC Kapstad for IST 

Adkomst

Ta av til Ålhusdalen frå E39. Køyr bomveg på skogsveg inn dalen. Bom kostar 30 kr. Det er ikkje lagt til rette for Vipps i 2021, men det står oppført eit kontonummer som du kan straksoverføre pengar til dersom du ikkje har kontantar.