Jodejuvet og Jodekongen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.629 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 179
Sesong: Mai - Oktober
Område: Ryfylke

Beskrivelse

Parkering ved parkeringsplassen i Bjørkedjuvskogen (ved Folkehjelpshytta) eller der du sjølv finn det praktisk. Herfrå går du på vegen ca 300 m tilbakeog svingar inn på vegen som går bort til beiteområdet. Stien til Jodejuvet er merka frå eit lite uthus som står like ved beiteområdet og går først vestover langs elva ca 1 km. Dette kan kanskje virke ulogisk, men vert likevel lettare enn å krysse over dei våte og tunge Livstølmyrane. Over lette bergrabbar går du vidare langs vestenden av Livastølmyrane før du startar på oppstiginga mot Jodejuvet.

Når du har besøkt Jodekongen bør du gå tilbake og nordvestover ut på bråtet mot Riveland. Her får du flott utsyn over Årdal og store deler av Ryfylkefjordane.

Følg same rute tilbake til utgangspunkt for turen.

Adkomst

Kjør av frå RV13 ved Tveit-krysset og kjør vidare på vegen mot Songesand. Ca 2 km etter garden Leidå (nytt hyttefelt og minikraftverk) ser du eit felt med dyrka mark og to uthus på venstre side. . Løypa til Jodejuvet er merka herfrå. Parkering ved Folkehjelpshytta i Bjørkedjuvskogen ca 300 m lenger inne. Eller der du sjølv finn det praktisk.