Grytadalen til Dyrelifjellet 667 moh. Rundtur

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.528 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 288
Sesong: Hele året
Område: Fjordane

Beskrivelse

Turen startar frå den nedre parkeringsplassen nedanfor Magnhildskartunnelen, 400 moh. Følg merka løype til du kjem til skiltet som viser til Klauvekeipen. Det er eit tråkk som er skilta og varda på austsida av Dyrelifjellet, 667 moh. Ved retningsskiltet tar du av til venstre og held høgda utover i sørleg retning. Gå med jevn stignig. Etter litt ser du ein varde i himmelsjå. Gå mot den. Følg vardinga vidare frå den og utover til du ser varden på Dyrlifjellet. Her er ikkje sti, men det er delvis sauetråkk. Gå til sørlegaste topp med ein lav varde på. Herifrå ser du vidt omkring og ned mot Klauvestølen og dei tre vatna frå sør Keipevatnet, i midten Rundevatnet og i nord Langevatnet. 

Gå litt nordaust på veg ned til du kjem til varden som du såg i himmelsjå. Følg tråkket tilbake og du kjem snart til den tydelege stien ned mot parkeringsplassen.

Turen på ski kan ein gå same rute, men start då frå øvre parkeringsplass i Grytadalen ved Magnhildskartunnelen.

Nokre av turmåla er eksponert for iskast frå vindturbinar i Guleslettene vindkraftverk. Planlegg turen og sjekk oppdatert iskastvarsel her

God tur!

Adkomst

Kjør opp Grytadalen til Magnhildskartunnelen på FV 614. Start ved den nederste parkeringsplassen på venstre side.

Linker