Kinn Søre Stauren

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 6.376 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 438
Sesong: Hele året
Område: Fjordane

Beskrivelse

Søre Stauren er fjelltoppen til venstre for Kinnaklova sett frå Kinnakyrkja. Det er ganske luftig på toppen med utsikt til øyane og Kinnakyrkja.

Du går frå rutebåtkaia og tek til høgre og går vegen utover forbi Flora Turlag si ubetjente DNT hytte og vidare ut til Kinnakyrkja. Fortset vidare forbi kyrkja og utover på sti og du ser Kinnaklova, men ta til venstre og gå opp til høgste punkt i Høyskaret. Det er Søre Stauren som er mellom Kinnaklova og Høyskaret. Frå Høyskaret tar du til høgre og føl den merka stien bratt opp mot Søre Stauren 221 moh. Dei to knviskarpe toppane i klova vert kalla staurane. Dei ragar høvesvis 221 og 196 moh. 

Ned att kan du gå ein anna sti. Når du har gått nokre hundre meter nedover går det ein sti / tråkk ned mot eit tjern og vidare sørvestover. Gå ned i retning / mot sjøen, men drei til venstre eit stykke nedi. Det går eit dyretråkk nedover, litt tilgrodd. Deretter går ein vidare tilbake til rutebåtkaia på sørsida. Du kan også følge same sti attende via Kinnakyrkja på nordsida eller via Høyskaret og sørover til rutebåtkaia.

På denne stien er det QR kodar der ein, ved å bruke ein mobil app, kan lese om dei historiske plassane som ligg langs Sunnivaleia. På sørsida av øya finn ein rester etter eldre busetnad. Det er fin utsikt til Atløya, Tviberg, Alden, Værlandet og Bulandet i Askvoll kommune.

Det gamle skulehuset på høgre side av vegen er Flora Turlag si ubetjente DNT hytte. Har du lyst på ei natt eller to på Kinn - ta kontakt med Signe Nordvik på telefon: 415 30 520 eller mail: signe.nordvik@gmail.com. Det er kodelås på hytta. Oppdatert informasjon om hytta finn du på ut.no: Kinn ubetjent DNT hytte 

Sporet på kartert er gått som ein rundtur med retur via anna sti som beskrevet i teksten over.

God tur!

Adkomst

Rutebåt til Kinn

Stoppesteder

Rutebåt

Linker