Naustdalkamben frå Sambraut/Naustdal i Stad kommune

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.249 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 478
Sesong: Mars - November
Område: Fjordane

Beskrivelse

Dette er ein fin motbakketur, for dei som ynskjer stigning, og er ei alternativ rute til Dagsturhytta på Naustdalkamben.

Stien går delvis på skogsveg og delvis på sti i grnskog. Den er tydeleg merka med pilar/spray og gule skilt med blå skrift "Nk". Denne stien frå Naustdal møter begge stiane frå Grøthaugen/Bjørhovde og Reset i felles "stikryss" ovanfor Grøthaugen. Herifrå føl ein hovudstien mot toppen, som har retning mot vest.

Dette er den brattaste vegen til Naustdalkamben, så for dei minste barna er turen frå Reset den kjekkaste. 

NB! Ruta i kartet er berre omtrentlig plassert for stien gjennom den brattaste granskogen og vil nok ikkje stemme heilt med stien sin egentlege plassering i terrenget... Stien er heller ikkje merka i kartet heilt frå gravplassen, men berre frå den vesle p-plassen på oppsida av RV 15 der skogsbilvegen startar.

Frå Sambraut/gravplassen på Haugen/Naustdal: Parker bilen her og gå Naustdalsvegen nedover nesten 400 meter, til du kjem til innkøyring til Haugland Glasservice. Gå til høgre her, forbi låven og gå forbi tunet inn på en liten "grasveg" som følger deg under bru/kulvert der RV 15 går over. Gå vidare opp til skogsvegen som er vist i kartet.

Adkomst

Parkering på Gravplassen Sambraut på Naustdal/Haugen. Alternativ parkering på liten p-plass der skogsbilvegen startar (startpila i kartet står her), tett ved RV15 på oppsida av vegen mellom Ryssta og avkjøring til Løkjaneset. Den kan kome litt brått på frå riksvegen, så ver obs. .

Stoppesteder

Buss til Rysst/Haugen.