Døldarvaren

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.254 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 96
Sesong: Hele året
Område: Haugalandet

Beskrivelse

Flott tur inn over døldarheia, med utangspunkt frå Stuhaug Gardsmuseum. Der er det parkering.

Turen kan delas i 3 delar:

1: Tur langs traktorveg i 20-30 min. Lett å gå, men med jevn stigning.

2: Svinger til venstre av traktorvegen, rett etter ei grind i jern. Skilta. Frå dette punktet er det stien merka med raude pinnar, raud teip på trestammar og raud merking på steinar, samt vardar. Denne delen av turen er relativt kort, men bratt. Ein klatrar mange høgdemeter på kort tid.

3: Når ein kjem over skoggrensa er den verste stigninga over. Her er det god utsikt i dei fleste retningar og ein går innover Døldarheia. Ein passerer fleire vatn, utsiktspunkt på Hedlandsnuten, Mosarevvatnet som er Ølen Vassverk si kjelde og til slutt når ein toppen på 735 meter. Der er det utsikt i alle retningar. Ein ser blant anna havet, folgefonna, stord, haugesund og langt på veg mot stavanger.

Adkomst

4 km frå Sandeid og 5 km frå Ølen tek ein av hovudvegen og svinger ned i dalføret. Skilt ved vegen " Stuhaug Gardsmusem". Køyr forbi fyrste gardstun og vidare til neste tun som ligg ved foten av fjellet. Her er det gratisk parkeringsplass.