Heggheimsstøylen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 14.588 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 7 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 2054
Sesong: Juli - September
Område: Breheimen med jostedalsbreen

Beskrivelse

Heggheimsstøylen er truleg den minst tilgjengelige støylen i Jølster. Støylsturen er ein langtur i bratt, vakker og dramatisk brenatur i Stardalen. Før du kjem til støyls må du passere Heggheimsfjellet på kring 1100 moh. før du skal ned att til 900 moh der støylen ligg vakkert plassert i enden av det store Støylsvatnet. Det er ei oppleving i seg sjølv å gå i terrenget, og vandre på stien "Kyraråka" og tenke på at bøndene har frakta både dyr og mjølkespann opp og ned her!

Stien vart merka på nytt og rusta opp til fjelltrimpost i 2020. I dette arbeidet har grunneigarane lagt ned eit godt arbeid med merking og skilting av råka. Før dette skjedde var stien byrja å bli lite synleg pga. alt for lite bruk. 

Turen startar frå Bødvartunet på ytre Heggheim i Stardalen. Første del av ruta går i bratt beitelandskap på vestlige side av Sjølvskotet. Det er ein bratt start på stien, der du møter motabakkane og får opp pulsen fort! Du går stort sett i sørleg retning eit godt stykke oppover lia, der du det siste stykket opp mot omlag 700 moh. går på vestlige side av Tverrelva. Her endrar du retning og følgjer stien i vestleg retning. Stien, som eg har høyrt vert kalla "Kyraråka" går vestover og rundar under Heggheimsfjellet. Av og til kan du møte på restar etter små steinbruer, oppbygde trapper og utgravde stiar. Rester etter den tida der dyra vart frakta opp her kvar sommar. Du får flott utsikt mot Skei og Jølstravatnet i det du rundar Hegghemsfjellet, mens du på same tid kan sjå attende mot det kraftfulle brelandskapet lenger inne i Stardalen. 

Stien fører deg opp i eit skar der du går i sørleg retning ned 200 høgdemeter til det store Støylsvatnet der Heggheimstøylen ligg i vestlege ende. I partet frå skaret og ned til støylen går du i meir stein og sva. Her tek ikkje sola så godt, og det kan vere litt glatte parti å passere. Eg har blitt tipsa om at det kan vere eit alternativ å gå enno meir vest for der GPS-sporet går ned, og ta deg ned via ei meir grasdekt side som ligg på den vestligaste sida av fjellet du skal ned. 

Sidan du passerer rett under Heggheimsfjellet er det lett å ta seg opp til denne toppen undervegs på støylsturen din. Denne kan enkelt du nå ved å ta deg opp frå skaret like før du tek deg ned mot støylen. Om du ønsker å hauste enno ein topp, kan du frå Heggheimsfjellet ta deg i austleg retning eit godt stykke, og gå opp på Flatjordnova også.   Det er flott utsikt frå begge desse toppane. 

I dag, etter at bilen er komen, er den lettaste vegen til Heggheimsstøylen å starte ved Egge og Eggestøylen i Gloppen. Her startar du på same staden som turen til Eggenipa, og tek deg inn dalføret til Gåsemyrstøylen og opp bakkane til du kjem til Støylsvatnet. Det kan og vere fint å besøke Heggheimsstøylen dersom du tek rundturen over Eggenipa. På denen runda går du tett på Støylsvatnet slik at eit besøk til Heggheimsstøylen berre er ein liten avstikkar.

Støylseigarane på Heggheimsstøylen brukar støylen sin aktivt sjølv om den ligg abakeleg til. Så sjølv om støylen er utfordrande å besøke ved å gå få Heggheim skal du likevel ikkje bli overraska om du møter folk på den fine støylstomta ein varm sommardag. 

AC Kapstad for IST  

Adkomst

Ta av E39 mot Stardalen. Køyr over den vestligaste brua som er skilta mot gardane på Heggheim. Parker slik at du ikkje er til hinder for gardsdrift og private eigedomar. 

Linker